API for vasstandsdata

Data for vasstand og tidvatn er gjort tilgjengeleg gjennom eit API (Application Programming Interface) slik at ein kan henta ut og integrera data med eigne system. API er eit programmeringsgrensesnitt som gjer det mogleg for program og nettstader å samhandla med datasetta for tidvatn og vasstand. Du kan få data i xml-format, som pdf-fil eller som tekst-fil.

Meir informasjon om bruk av API for vasstandsdata finn du på http://api.sehavniva.no/tideapi_no.html.

Den årlige publikasjonen Tidevannstabeller for den norske kyst med Svalbard er tilgjengelig for nedlasting i pdf-format.

Vilkår for bruk av API

API-et er opent for alle og det er ikkje nødvendig med registrering, men vi krev å bli namngjevne som kjelde, etter som vi har rettane til data. Send oss gjerne ei tilbakemelding på e-post til kundesenter@kartverket.no, spesielt om du nyttar datasetta til å lage nye tenester eller app-ar.

Kartverket sine data og produkt er tilgjengelege gjennom ulike tenester og i ulike format. Det er få restriksjonar for bruk av dei data som er frigjevne av Kartverket, dei er lisensiert etter Creative Commons Navngivelse 4.0 international (CC BY 4.0).

Set deg inn i vilkår for bruk av Kartverket data.

Widget for tidvatn

Kartverket har utvikla ein programvare, ein såkalla widget, som gjer at du enkelt kan vise data for tidvatn direkte på din nettstad, og gi besøkande oppdatert informasjon om flo og fjære direkte frå Kartverkets database. Widgeten kan til dømes vere verdifull for kystkommunar, båthamner, lokale media, badestrender og campingplassar.

Slik sett du opp widgeten på din nettstad:

  • Søk på stad/posisjon du ønskjer å hente varsel for tidvatn frå inne på Se havnivå-tenesta.
  • Gå så heilt til høgre på linja som følgjer under stadnamn/posisjon.
  • Klikk på menypunktet </>.
  • Kopier koden og legg han inn i di eiga publiseringsløysing.

Dermed kan du gje brukarne av nettstaden din oppdatert, lokal informasjon om tidvatn.

Les meir om Kartverkets gratis kartdata og om våre ulike kartapplikasjonar og nettstader med kart og kartdata.