Data for vasstand og tidvatn er gjort tilgjengeleg gjennom eit API (Application Programming Interface) slik at ein kan henta ut og integrera data med eigne system.
API er eit programmeringsgrensesnitt som gjer det muleg for program og nettstader å samhandla med datasetta for tidvatn og vasstand. Du kan få data i xml-format, som pdf-fil eller som tekst-fil.
Bruk av API-et
Meir informasjon om API for vasstandsdata finn du på http://api.sehavniva.no/tideapi_no.html.
Vilkår for bruk
Kartverket sine data og produkt er tilgjengelege gjennom ulike tenester og i ulike format. Det er få restriksjonar for bruk av dei data som er frigjevne av Kartverket, dei er lisensiert etter Creative Commons Navngivelse 4.0 international (CC BY 4.0).
API-et er opent for alle og det er ikkje nødvendig med registrering, men vi krev å bli namngjevne som kjelde, etter som vi har rettane til data.
Set deg inn i vilkår for bruk av Kartverket sine data.
Gje oss gjerne ei tilbakemelding på e-post til kundesenter@kartverket.no, spesielt om du nyttar datasetta til å lage nye tenester eller app-ar.