Sjøkart for Haugesund i ny utgåve
Hovudseriekart nr. 17 Karmsundet – Ryvarden – Skjoldafjorden er gitt ut i ny utgåve. Sjøkartet inneheld mange oppdateringar, både nymålingar og omskjerming av sektorlykter.
Tidlegare utgåver av sjøkartet er no ugyldige. Kartet blir ikkje trykt, men blir plotta på bestilling gjennom Print on Demand-tenesta.
Hovudseriekart i Rogaland / Vestland
Sjøkart nr. 17 Karmsundet – Ryvarden – Skjoldafjorden er i målestokk 1:50 000 og er ein del av Kartverkets hovudkartserie. Hovudseriekart er i første rekkje navigasjonskart for indre kyststrøk.
Sjøkart nr. 17 er oppdaterte med nye djupnedata ved Husøy i Karmsundet. Her er det óg store endringar på lanterner og lykter.
Kjøpe sjøkart
Kartverket sel ikkje papirkart, men lagar kartfiler som forhandlarar trykkjer for deg, såkalla Print on Demand-kart (POD).
Sjå oversikt over Kartverkets forhandlarar som du kan bestilla papirkart hos.
Endringar i sjøkarta
Kartet er oppdatert etter mange endringar og rettingar meldt i Etterretningar for sjøfarande (Efs).
Nokon sektorlykter i sjøkartet er omskjerma til IALA-systemet. Det kan vere omfattande endringar. Les meir om overgangen til IALA-standard på Kystverkets nettsider.
Andre rettingar i kartet kan vere sjømerke, fartsavgrensningar, røyrleidningar, grunnerapporteringar, utfyllingar og anna.
Sjøkartet er oppdatert med alle innrapporterte endringar sidan førre gong kartet vart gitt ut, som er meldt i Efs. I tillegg er kartet oppdatert med andre endringar som ikkje er meldt i Efs. Dette kan vere nye kaiar, moloar og nymålingar i større og mindre grad.
Stadsnamn er oppdatert etter opplysningar henta frå sentralt stadsnamnregister (SSR).
Alle tryggleikskritiske oppdateringar og rettingar til offisielle norske sjøkart er gratis tilgjengeleg via den digitale tenesta for Efs: kartverket.no/efs.
Slik er kartet merka:
Ny utgåve 11/2023. POD: 15. november 2023. Retta t.o.m. Efs nr. 21/23.
Elektroniske sjøkart
Områda som blir dekte av sjøkartet er óg dekte av ENC-ar (elektroniske kartceller).
Ny utgåve
Ein ny utgåve av eit eksisterande kart inkluderer endringar viktig for navigasjon, i tillegg til endringar som tidlegare er kunngjorde i Etterretninger for sjøfarande (Efs). Når ein «ny utgåve» av sjøkartet blir gitt ut, vil tidlegare utgåver vere forelda og dermed ugyldige.
Det blir presisert at store delar av kartet er uendra. Kartnummeret blir ikkje endra, med unntak av tilføying av INT-nummer når sjøkartet blir eit internasjonalt kart (INT-kart).
Norske sjøkart blir gitt ut som POD-kart, ny utgåve og nytt kart.
E-posten er sendt