Siste oppdatering

Fire sjøkart i Finnmark i nye utgåver

Hovudseriekart nr. 46, 49, 101 og 133 som dekker farvatn i Finnmark, er gitt ut i nye utgåver. Mange lykter og sjømerke er oppdatert. Tidlegare utgåver av kartas er no ugyldige.

Hovudseriekart som er gitt ut i ny utgåve 2. november:

  • Nr. 46 "Folda"
  • Nr. 49 "Ytter-Vikna"
  • Nr. 101 "Hammerfest - Fruholmen"
  • Nr. 133 "Innerfolda - Tosen - Bindalsfjorden"

Sjøkarta er i målestokk 1:50 000 og er ein del av Kartverkets hovudkartserie

Karta blir ikkje trykt, men plotta på bestilling gjennom Print on Demand-tenesta.

Kjøpe sjøkart

Kartverket sel ikkje papirkart, men lagar kartfiler som forhandlarar trykkjer for deg, såkalla Print on Demand-kart (POD).

Sjå oversikt over Kartverkets forhandlarar som du kan bestilla papirkart hos.

Endringar i sjøkarta

Karta er oppdatert med mange endringar på lyktar og sjømerke. Ein del sektorlykter er omskjerma til IALA-systemet. Det medfører omfattande endringar. 

Det har vore ein del andre rettingar i karta. Dette kan vere sjømerke, fartsavgrensingar, røyrleidningar, grunnar, utfyllingar og anna.

Sjøkarta er oppdatert med alle innrapporterte endringar sidan førre gong karta vart gitt ut, som er meldt i Etterretninger for sjøfarande (Efs). I tillegg er karta oppdatert med andre endringar som ikkje er meldt i Efs. Dette kan vere nye kaier, moloar og nymålingar i større og mindre grad.

Stadnamn er oppdatert etter opplysningar henta frå Sentralt stadnamnregister.

Alle sikkerheitskritiske oppdateringar og rettingar til offisielle norske sjøkart er gratis tilgjengeleg via den digitale tenesta for Efs, kartverket.no/efs.

Slik er karta merka:

Ny utgåve 11/2022. POD: 2. november 2022. Rettet t.o.m. Efs nr. 20/22.

Elektroniske sjøkart

Område som blir dekt av sjøkarta er óg dekt av ENC-ar (elektroniske kartceller).

Ny utgåve

Ei ny utgåve av eit eksisterande kart inkluderer endringar viktig for navigasjon, i tillegg til endringar som tidlegare er kunngjort i Etterretninger for sjøfarande (Efs). Når ei "ny utgåve" av sjøkartet blir gitt ut, vil tidlegare utgåver vere forelda og dermed ugyldige.

Det blir presisert at store delar av kartet er uendra. Kartnummeret blir ikkje endra, med unntak av tilføying av INT-nummer når sjøkartet blir eit internasjonalt kart (INT-kart).

Norske sjøkart blir gitt ut som POD-kart, ny utgåve og nytt kart.

Kontakt

Anita Sunde

Seksjonssjef i kart- og geodataseksjonen, Kartverkets sjødivisjon

ainta.sunde@kartverket.no

Tlf. 51 85 88 69 / 959 61 301

Les meir

Den norske los

Kor kan eg bunkre og ankre opp? Kor er det trygt å ferdast? Planlegg og lag seglingsruter i den digitale farvatnskildinga Den norske los, dnl.kartverket.no. 

Datakvalitet i norske sjøkart

Ver obs på kvaliteten på djupnedataa i sjøkartet! Er det område som aldri har blitt kartlagt eller som er sjømålt med handlodd før år 1960? Sjekk kjelde-/ZOC-diagram som gir info om kor nøyaktig djupnedataa er i kartet.

Se havnivå, vasstand og tidvatn

På tenesta Se havnivå finn du informasjon om observert og varsla vasstand, flod, fjære og tabellar for tidvatn ved å søke på ein stad. I tillegg er der artiklar om referansenivå, havnivå, tidvatn og vasstand.

Del