Nye utgåver av sjøkart i Lofoten
Hovudseriekart nr. 69 og 73, som dekker farvatn i Vestfjorden og Lofoten, er komen i nye utgåver. Mange lykter og sjømerke er oppdatert i sjøkarta. Tidlegare utgåver er no ugyldige.
Hovudseriekart som kom i ny utgåve 18. november:
- Nr. 69 Tranøy - Raftsundet
- Nr. 73 Ure - Gimsøystraumen - Svolvær
Sjøkarta er i målestokk 1:50 000 og inngår i Kartverkets hovudkartserie.
Karta blir ikkje trykt, men plottast på bestilling gjennom Print on Demand-tenesta.
Kjøpe sjøkart
Kartverket sel ikkje papirkart, men lagar kartfiler som forhandlarar trykkjer for deg, såkalla Print on Demand-kart (POD).
Sjå oversikt over Kartverkets forhandlarar som du kan bestilla papirkart hos.
Endringar i sjøkarta
Karta er oppdatert med mange endringar på lykter og sjømerke. Ein del sektorlykter er skjerma om til IALA-systemet. Det medfører omfattande endringar.
Det har vore ein del andre rettingar i karta. Dette kan vere sjømerke, fartsavgrensingar, røyrleidningar, grunner, utfyllingar og anna. All landinformasjon er oppdatert.
Sjøkarta er oppdatert med alle innrapporterte endringar sidan førre gong karta ble gitt ut, som er meldt i Etterretningar for sjøfarande (Efs). I tillegg er karta oppdatert med andre endringar som ikkje er meldt i Efs. Dette kan vere nye kaier, moloar og nymålingar i større og mindre grad.
Stadnamn er oppdatert etter opplysningar henta frå Sentralt stadnamnregister.
Alle sikkerheitskritiske oppdateringar og rettingar er til offisielle norske sjøkart er gratis tilgjengeleg via den digitale tenesta for Efs, kartverket.no/efs.
Slik er karta merka:
Ny utgave 11/2022. POD: 18. november 2022. Rettet t.o.m. Efs nr. 21/22.
Elektroniske sjøkart
Områda som dekkjast av sjøkarta er også dekka av ENC-ar (elektroniske kartceller).
Ny utgåve
Ei ny utgåve av eit eksisterande kart inkluderer endringar viktig for navigasjon, i tillegg til endringar som tidlegare er kunngjort i Etterretningar for sjøfarande (Efs). Når ei "ny utgåve" av sjøkartet blir gitt ut, vil tidlegare utgåver vere forelda og dermed ugyldige.
Det presiserast at store delar av kartet er uendra. Kartnummeret endrast ikkje, med unntak av tilføying av INT-nummer når sjøkartet blir eit internasjonalt kart (INT-kart).
Norske sjøkart blir gitt ut som POD-kart, ny utgåve og nytt kart.
E-posten er sendt