Siste oppdatering

Nye utgåver av sjøkart på Helgelandskysten

Hovudseriekarta nr. 51, 53, 55 og 56 som dekkjer farvatn frå Leka til Dønna på Helgelandskysten, er utgjeve i nye utgåver. Det betyr at tidlegare utgåver av sjøkarta no er ugyldige.

Dei nye utgåvene av sjøkart nr. 51 Dolmsundet – Lyngvær, nr. 53 Lyngvær – Straumøyan, nr. 55 Straumøyan – Tjøtta og nr. 56 Tjønna – Dønna blei alle utgjevne 5. november 2021.

Karta trykkast ikkje, men plottast på bestilling gjennom Print on Demand-tenesta. Tidlegare utgåver av sjøkarta frå 2016 (kart nr. 51), 2014 (53), 11/2021 (55) og 09/2020 (56) er no ugyldige.

Alle dei fire sjøkarta er i målestokk 1:50 000 og inngår i Kartverket sin hovudkartserie.  

Kjøpe sjøkart

Kartverket sel ikkje papirkart, men lagar kartfiler som forhandlarar trykkjer for deg, såkalla Print on Demand-kart (POD).

Sjå oversikt over Kartverkets forhandlarar som du kan bestilla papirkart hos.

Dekningsområde til kartane

Dei fire sjøkarta dekkjer Helgelandskysten frå Dolmsundet / Leka i sør til Dønna i nord.

Endringar i desse utgåvene

Karta er oppdatert med ein del sektorlykter som er omskjerma til IALA-systemet. Det kan vere omfattande endringar. Les meir om overgang til IALA-standard på Kystverket sine nettsider.

Kvalitet på djupnedata blir no vist i ZOC-diagram (Zones of Confidence). Dette er eit internasjonalt system som delar djupnedata inn i kategoriar (CATZOC) basert på målemetode, dekkingsgrad og nøyaktigheit på posisjon og djup.

Det har vore ein del andre rettingar i karta. Dette kan vere lykteendringar, sjømerke, fartsavgrensingar, røyrleidningar, grunnerapporteringar, utfyllingar og anna.

Sjøkarta er oppdatert med alle innrapporterte endringar sidan førre gong karta blei gitt ut, som er meldt i Etterretninger for sjøfarande (Efs). I tillegg er karta oppdatert med andre endringar som ikkje er meldt i Efs. Dette kan vere nye kaiar, moloar og nymålingar i større og mindre grad.

Stadnamn er oppdatert etter opplysningar henta frå Sentralt stadnamnregister (SSR).

Alle sikkerheitskritiske oppdateringar, rettingar og tracingar til offisielle norske sjøkart er gratis tilgjengeleg via den digitale tenesta for Efs, kartverket.no/efs.

Slik er kartane merka:

Gitt ut av Kartverket i 2000 (kart nr. 51), i 2001 (53) og i 2005 (55 og 56). Ny utgave 11/2021. POD: 5. november 2021. Rettet t.o.m. Efs nr 20/21.

Karta har følgjande avgrensingar:

Kart nr. 51: 
SW hjørne: 64°59’18’’N, 11°15’54’’E
NE hjørne: 65°18’48’’N, 12°10’30’’E

Kart nr. 53:
SW hjørne: 65°16’12’’N, 11°34’30’’E
NE hjørne: 65°34’18’’N, 12°23’00’’E

Kart nr. 55:
SW hjørne: 65°32’30’’N, 11°50’00’’E
NE hjørne: 65°50’00’’N, 12°48’12’’E

Kart nr. 56:
SW hjørne: 65°49’00’’N, 11°25’00’’E
NE hjørne: 66°07’30’’N, 12°30’30’’E

Elektroniske sjøkart

Områda som blir dekt av sjøkarta er òg dekt av ENC-ar (elektroniske kartceller).

Ny utgåve

Ei ny utgåve av eit eksisterande kart inkluderer endringar viktig for navigasjon, i tillegg til endringar som tidlegare er kunngjort i Etterretninger for sjøfarande (Efs). Når ei "ny utgåve" av sjøkartet blir gitt ut, vil tidlegare utgåver vere forelda og dermed ugyldige.

Det blir presisert at store delar av kartet er uendra. Kartnummeret blir ikkje endra, med unntak av tilføying av INT-nummer når sjøkartet blir eit internasjonalt kart (INT-kart).

Norske sjøkart blir gitt ut som POD-kart, ny utgåve og nytt kart. Les meir i artikkel om hovudseriekart.

Kontakt

Les meir

Bruk sjøkart - få ei betre oppleving på sjøen

Kor er det trygt å ferdast? Kor er det fint å leggje til? Kor er den magiske fiskegrunna? Det er ingen grunn til å gå på grunn! Bruk sjøkartet til å gjere deg kjendt med området du skal segle i.

Datakvalitet i norske sjøkart

Ver obs på kvaliteten på djupnedataa i sjøkartet! Er det område som aldri har blitt kartlagt eller som er sjømålt med handlodd før år 1960? Sjekk kjelde-/ZOC-diagram som gir info om kor nøyaktig djupnedataa er i kartet.

Se havnivå, vasstand og tidvatn

På tenesta Se havnivå finn du informasjon om observert og varsla vasstand, flod, fjære og tabellar for tidvatn ved å søke på ein stad. I tillegg er der artiklar om referansenivå, havnivå, tidvatn og vasstand.

Del