Siste oppdatering

Ny utgåve av sjøkart for Ytre Oslofjord

Hovudseriekart nr. 1 Oslofjorden, Færder - Hvaler - Halden, er gjeve ut i ny utgåve. Heile den norske sida av Iddefjorden er no sjømålt med multistråle-ekkolodd. Tidlegare utgåver av sjøkartet er no ugyldige.

Ny utgåve av sjøkart nr. 1 blei utgjeve 18. desember 2020. Kartet trykkast ikkje, men plottast på bestilling gjennom Print on Demand-tenesta. Tidlegare utgåve av kartet frå 2019 er no ugyldig.

Sjøkartet er i målestokk 1:50 000 og inngår i Kartverkets hovudkartserie.

Kjøpe sjøkart

Kartverket sel ikkje papirkart, men lagar kartfiler som forhandlarar trykkjer for deg, sokalla Print on Demand-kart (POD).

Sjå oversikt over Kartverkets forhandlarar som du kan bestille papirkart hos.

Dekningsområdet til kartet

Sjøkart nr. 1 dekkjer ytre delar av Oslofjorden med byane Fredrikstad, Halden og Strömstad.

Endringar i denne utgåva

Heile den norske sida av Iddefjorden (med Halden) er sjømålt på nytt med multistråle-ekkolodd, og ny djupneinformasjon er redigert inn i kartet.

Sjøkartet er oppdatert med ein del sektorlykter som er omskjerma til IALA-systemet. Det kan vere omfattande endringar. Les meir om overgangen til IALA-standard på Kystverkets nettsider.

Eit ZOC-diagram (Zones of Confidence) som inneheld detaljar om kvaliteten på djupnedataa (målemetode, dekningsgrad og nøyaktigheit på posisjon og djup) er trykt på kartet. Et ZOC-diagram reflekterer ikkje andre tema som symbologi, bøyesystem eller lykter.

Det har vore ein del andre rettingar i kartet. Dette kan vere sjømerke, fartsgrenser, røyrleidningar, grunnerapporteringar, utfyllingar og anna.

Sjøkartet er oppdatert med alle innrapporterte endringar sidan førre gong kartet blei utgjeve, som er meldt i Etterretninger for sjøfarende (Efs). I tillegg er kartet oppdatert med andre endringar som ikkje er meldt i Efs. Dette kan vere nye kaier, moloar og nymålingar i større og mindre grad.

Stadnamn er oppdatert etter opplysingar henta frå Sentralt stadnamnregister (SSR).

Alle sikkerheitskritiske oppdateringar, rettingar og tracinger til offisielle norske sjøkart er gratis tilgjengeleg via den digitale tenesta for Efs, kartverket.no/efs.

Slik er kartet merka:

Utgitt av Kartverket 1992. Ny utgave 12/2020. POD: 18. desember 2020. Rettet t.o.m. Efs nr 23/20.

Kartet har følgande avgrensing:

SW hjørne: 58°53'48''N, 10°31'00''E, NE hjørne: 59°13'24''N, 11°28'42''E

Elektroniske sjøkart

Områda som dekkjast av sjøkartet er også dekt  av ENC-ar (elektroniske kartceller).

Ny utgåve

En ny utgåve av eit eksisterande kart inkluderer endringar viktig for navigasjon, i tillegg til endringar som tidlegare er kunngjort i Etterretninger for sjøfarende (Efs). Når ein "ny utgåve" av sjøkartet blir utgjeve, vil tidlegare utgåver vere forelda og dermed ugyldige.

Det presiserast at store delar av kartet er uendra. Kartnummeret endrast ikkje, med unntak ved tilføying av INT-nummer når sjøkartet blir eit internasjonalt kart (INT-kart).

Norske sjøkart blir utgjeve som POD-kart, ny utgåve og nytt kart. Les meir i artikkel om hamnekart.

Kontaktpersoner

Gjermund H. Bakken
Seksjonssjef for kartseksjonen i Kartverkets sjødivisjon
gjermund.bakken@kartverket.no
51 85 88 69 / 959 61 301

Kjetil Wirak
Kartseksjonen i Kartverkets sjødivisjon
kjetil.wirak@kartverket.no
51 85 87 35 / 474 47 750

Del