Siste oppdatering

Stor oppslutning om plankurs

Kartverket har i løpet av ein 3-vekers periode i april gjennomført 8 fylkesvise dagskurs på Teams. Hovudfokuset var å motivere kommunane til å etablere gode rutiner for forvaltning av kommunalt planregister.

Tilbodet gjekk ut til alle tilsette i kommunane som har ei rolle i forvaltning eller bruk av kommunens digitale planregister. Om lag 540 deltakarar frå i overkant av 270 kommunar deltok.

Første kursbolken omhandla mellom anna krav til planregister og planforvaltning i lov og forskrift, medan det i andre kursbolk blei gitt ein teoretisk gjennomgang av forvaltning av plankartet og vektorfil. Kursa vart gjennomførte med ei veksling mellom undervisning og gruppesumming i digitale grupperom.

Det var mange engasjerte kursdeltakarar som kom med gode innspel og spørsmål undervegs. Kurspresentasjonane er alt sendt ut til deltakarane. Etter kvart blir det også sendt ut førsteutkastet av ein rutinemal, samt eit notat der det blir gitt svar på nokre av spørsmåla som blei stilt på kursa. Kartverket vil ha møte både med Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) og programvareleverandørane for å informere om erfaringar frå dei gjennomførte kursa og planlegge ulike kurs til hausten.

Del