Siste oppdatering

E-handel blir lagt ned

Kartverket si teneste for bestilling av tinglyste dokument og grunnboksutskrifter blir lagt ned 6. desember. Ny løysing er under arbeid.

SnippEhandel-16-9.JPG
BLIR LAGT NED: Kartverket sin nettklient for bestilling av grunnboksinformasjon blir lagt ned 6. desember 2022. Skjermbilete: Kartverket

Kva er E-handel?

E-handel er vår teneste for deg som ønskjer kopi av eit tinglyst dokument, eller ei bekrefta grunnboksutskrift. 

Denne tenesta blir lagt ned frå og med 6. desember. 

Det er kun nettklienten "E-handel" som blir lagt ned. Dersom du bestiller fra annan aktør, eller har avtale om API-tilgang med Kartverket direkte, vil du ikkje bli påverka av avviklinga.

Kvifor skal E-handel leggjast ned?

E-handel er bygd på eit gamalt system som er utdatert, som ikkje lengre er forsvarleg å bruke.

Ny løysing

Kartverket jobbar no med å få på plass ei ny løysing for brukarane våre.

Vi vil at du framleis skal ha mogelegheit til å bestille grunnboksutskrifter og kopi av tinglyst dokument i mellomtida, til ny løysing er tilgjengeleg. Du som har lagra direktelenke til løysninga vil frå 6. desember kome direkte til ei førebels løysing.

Artikkelen "Sjekk hva som er tinglyst" vil bli oppdatert fortløpande med informasjon om korleis du kan bestille dokument fra oss. 

Del