Siste oppdatering

Bestille utskrifter frå grunnboka

Vi avvikler vår bestillingsløysing E-handel. Inntil ei ny løysing er på plass kan du bestille ved å fylle ut nettskjema.

Vi avvikler E-handel

E-handel var tenesta vår for bestiling av kopi av tinglyst dokument eller bekrefta grunnboksutskrift. E-handel er lagd ned og vert erstatta med ei ny og moderne løysing.

Det er berre nettklienten E-handel som vert lagd ned. Bestiller du frå ein annan aktør eller har avtale om API-tilgang med Kartverket direkte, vert du ikkje påverka av avviklinga.

Mellombels bestillingløysing

Inntil den nye løysinga er på plass kan du bestille grunnboksutskrift og kopi av tinglyste dokument på fyljande nettskjema:

Kostnader

Utskrifter frå grunnboka er framleis ei betalingsteneste. Prisen for stadfesta utskrifter og kopi av dokument er 172 kroner per utskrift. Utskrifter frå historisk grunnbok koster 40 kroner.

Levering

Vi sender utskrifta den fyrste arbeidsdagen etter at vi tek imot bestillinga. Kartverket sender alle utskriftene med Posten. Leveringstida er normalt ei veke.

Vi reknar ein kopi av eit tinglyst dokument eller ei grunnboksutskrift som stadfesta, når den er stempla eller skrive ut på særskild vannmerka papir. Vi kan difor ikkje sende bestilte kopiar og utskrifter på e-post.

Del