Siste oppdatering

Landet hevar seg stadig raskare på Svalbard

​Når isen smeltar, og breane blir lettare i vekt, hevar landet seg. Berre rundt Kongsfjorden ved Ny-Ålesund har landhevinga dobla seg dei siste 20 åra. Det viser ny forsking frå Kartverket, basert på nye metodar.

– Resultata stadfestar dei dramatiske endringane på breane vi ser i Arktis, seier forskar Halfdan P. Kierulf i Kartverket. 

I takt med klimaet

Isendringane, og dermed også landhevinga, varierer mellom årstidene og i takt med korleis klima endrar seg.

– Ny-Ålesund hevar seg med nesten ein centimeter gjennom den korte, arktiske sommaren, for så å senke seg sakte nedover gjennom vinteren, fortel Kierulf.

Frå Kartverkets og Noregs geodetiske jordobservatorium i Ny-Ålesund samlar Kierulf og hans kollegaer data om landheving, platebevegelsar, jordrotasjon og endringar av tyngdekraft.

Overraskande klart og tydeleg signal

Dei bruker fleire måleteknikkar, og alle dei ulike teknikkane ved observatoriet og området rundt stadfestar den kraftige landhevinga, som har auka frå 6 millimeter i året fra byrjinga av dette hundreåret, til 12 millimeter i året i dag.

– Dette er eit overraskande klart og tydeleg signal, seier Kierulf. 

Forskar Halfdan P. Kierulf  montrar GPS og antenne på ein knaus ved Kongsfjorden i Ny-Ålesund, Svalbard. Foto: Bjørn-Owe Holmberg
NY-ÅLESUND: ​Forskar Halfdan P. Kierulf frå Kartverket monterar GPS og antenne på eit av Kartverkets målepunkt i Ny-Ålesund ved Kongsfjorden. Foto: Bjørn-Owe Holmberg

Presise målingar

Jordobservatoriet i Ny-Ålesund er ein del av eit globalt nettverk som nyttast til å lage jordas geodetiske referanseramme. Denne referanseramma er ein føresetnad for presis jordobservasjon og grunnlaget for stedfesting, navigasjon og klimaovervaking.

– Kjennskap om endringane som skjer er ein føresetnad for høgest mogleg nytte av det nye geodetiske jordobservatoriet i Ny-Ålesund, seier Kierulf.

Kartverkets forsking og målingar stadfestar også Norsk Polarinstitutts og forskar Jack Kohlers forsking på isbreendringar. 

Halfdan P. Kierulf er Nordens fremste forskar på landheving med bruk av nye måleteknologiar. Han har nyleg fått publisert ein rapport frå Ny-Ålesund i det internasjonale forskingsmagasinet Geophysical Journal International

I denne samanheng har NRK følgt Kierulf til Ny-Ålesund for å sjå resultat saman med forskaren: 

Les meir

– Viktig bidrag frå Noreg

Ein ny milepæl er nådd på Kartverkets og heile Noregs geodetiske jordobservatorium i Ny-Ålesund på Svalbard. I april starta NASA installeringa av den nye satellittavstandsmålaren med laser, SLR.

Slik måler vi havnivået

For å måle havnivået brukast i dag tre metodar: Vasstandsmåling, satellittaltimetri og måling av landheving.

Se havnivå i kart

Se havnivå i kart viser effektane av auka havnivå og stormflod. Risikokart over område som vil bli råka gjer det enklare å planleggje for og å vere førebudd på klimaendringar.

Del