FDV-årsmøte, Midthordland

Vi inviterer til vedlikehaldsårsmøte for Noreg digitalt-partar i Midthordland. Påmeldingsfrist: 25. mars.

10:00 - 14:00

Som i fjor planlegg vi for seks årsmøte. Det er nok mest praktisk at kvar kommune melder seg på til møtet i sin region, sidan presentasjonane først og fremst vil ta føre seg den aktuelle regionen vi har møtet i. Det er høve til å melde seg til eit anna møte dersom det passar best.

Med atterhald om endringar i smittetilhøva, blir tidspunkt og stad for møta som følgjer:

  • Møte 1, hovudsakleg for kommunane i Midthordland: Torsdag 31. mars 2022, kl. 10-14, på Statens hus i Bergen
  • Møte 2, hovudsakleg for kommunane i Hardanger/Voss: Tysdag 5. april 2022, kl. kl. 10-14 på Hardangerfjord hotell i Øystese
    Møte 3, hovudsakleg for kommunane i Nordhordland: Torsdag 7. april 2022, kl. 10-14, på Alver Hotel
  • Møte 4, hovudsakleg for kommunane i Sunnhordland: Torsdag 21. april 2022, kl. 10-14, på Stord Hotell, Kjøtteinsvegen på Leirvik
  • Møte 5, hovudsakleg for kommunane i Nordfjord: Tysdag 10. mai 2022, kl. 10-14, på Gloppen Hotell i Sandane.
  • Møte 6, hovudsakleg for kommunane i Sunnfjord og Sogn: Onsdag 11. mai 2022, kl. 11-15, på Thon Hotel Jølster, Skei

Vi har lagt bak oss to uvanlege år, der vi likevel har vore heldige og klart å arrangere fysiske FDV-årsmøte når smittekurva var låg. I 2020 vart møta arrangert i august-september, og i 2021 i mai-juni. Forhåpentlegvis går vi no mot meir normale tider, og vi planlegg derfor møte allereie no i vår, slik vi pleide før pandemien. Vi er ikkje så mange deltakarar på desse møta, og smittevern vil bli ivaretatt. Og så må vi jo berre vere førebudd på at det kan komme endringar når det nærmar seg.

Skriv gjerne i påmeldinga om de har allergiar, eller anna viktig informasjon. Vi gler oss veldig til å sjå dykk!

Del

Nyttig

Noreg digitalt i Vestland

Kartverket ved fylkeskartkontorene skal etablere en felles arena i fylket for arbeidet med datagrunnlag som inngår i Norge digitalt.

Kartlegging i Vestland 2021

Det vert starta opp fem vanlege Geovekst-prosjekt i 2021, med flyfotografering, laserskanning og produksjon av nye kartdata som inngår i det offentlege kartgrunnlaget.

Forvaltning, drift og vedlikehald i Vestland

Alle kommunane i Vestland har inngått ein FDV-avtale som regulerer det kontinuerlege vedlikehaldet av geografiske data. Avtalen inkluderer òg drift, distribusjon, rettar og sal av data. Vedlegga til avtalen blir revidert årleg.