Siste oppdatering

Ny runde med historiske ortofoto i Vestland fylke

Historiske ortofoto gir eit blikk bakover i tid, til støtte for framtidig planlegging. Etter ønske frå partane i Geovekst-samarbeidet er no runde 2 med historiske ortofoto starta. Prosjektet er i produksjon og det vil kome puljevise leveransar med historiske ortofoto i kommunane gjennom hausten 2022 og vinter/ vår 2023.

Runde 1 gir eit tilbakeblikk til 1950-1970-talet i alle kommunane i fylket. For å gi eit betre bilete av endringar i landskapet er det ønske frå partane i Geovekst-samarbeidet om å fortsette med ei runde 2. Då med historiske ortofoto frå 1980-talet.

Bilete under er eit døme på landskapsendring ved Åsane terminal i Bergen kommune (norgeibilder.no). For å samanlikne bilete må du klikke på lenka). Mange elvar og bekkar ligg skjult under bakken i veiter, rør og kulvertar. I historiske ortofoto kan ein finne tilbake til opphavelege elveløp.

Landskapsendring  fra 1951 til 2019
ÅSANE: Historisk ortofoto frå 1951 samanlikna med nytt ortofoto frå 2019 (Ill: norgeibilder.no).

Nyttig verktøy i samfunnsplanlegging

Historiske ortofoto gir ofte godt innsyn til bakken på grunn av beitedrift i utmark og lite vegetasjon. Bileta viser mange opphavelege landskapselement utan omfattande inngrep i naturen. Ein kan finne mange velstelte kulturlandskap, mykje inngrepsfri natur, samanhengande gamle bygdevegar og fyldige brearmar.

Skredsoner og skredvifter i beitelandskap er gjerne godt synlege, og bekkar og vassdrag følgjer i stor grad sine naturlege løp med intakte flaumsoner. Slik kan bileta gi verdifulle innspel i arbeidet med klimatilpassing i områder der ein har hatt stor byggeaktivitet inntil skredvifter, elveløp og på elvedelta.

Bileta er nyttige for samfunnsplanlegging i høve skred, flaum og endring i havnivå, planarbeid og sakshandsaming, forsking og jordskifte. Dei vil også være interessante for privatpersonar.

Klikk for større bilete.png

Stryn-1967-2020.png

Eksempel på landskapsendring i Stryn 1967-2020 (Lenka tek deg til norgeibilder.no. Der kan du samanlikne bilete). Mange vassdrag i fylket har hatt stor utfylling og byggeaktivitet inntil elveløp og på elvedelta. Dette kan gje utfordringar med omsyn til flaum og stormflo/ endring i havnivå (Kjelde: norgeibilder.no).

Klikk for heile bilete.png

Den gamle postvegen ved Drægebø bru (vernstre side). Den gamle postvegen ved Trangane bru (til høgre)

Kva landskapselement kan ein ta med vidare i samfunnsutviklinga? Eksempel på møte mellom eldre og nyare generasjonar veg. Til venstre: Ny E39 kryssar over den gamle postvegen ved Drægebø bru sør i Sunnfjord kommune. Til høgre: Den gamle postvegen ved Trangane bru i Gulen kommune er rydda for stein etter 1974 og går parallelt med den nyare Gulafjordvegen (Kjelde: Norge i bildar).

Historiske ortofoto; runde 1 og runde 2

Runde 1; 1951 - 1977

Runde 1 med historiske ortofoto vart gjennomført i regi av Geovekst-samarbeidet i 2017/2018. Til saman vart det over 15 000 flyfoto fordelt på 48 flyoppgåver/ flyoppdrag frå perioden 1951-1977.

Alle desse flyoppgåvene er tilgjengeleg på norgeibilder.no og alle kommunane i fylket har no historiske ortofoto.

Runde 2; 1980-talet

Ønske om runde 2 kjem frå fylkesgeodatautvalet i Vestland fylke. Målet er å få historiske ortofoto frå 1980-talet som kan fylle ut tidsrommet mellom ortofoto i runde 1 og nye ortofoto.

Kartverkets sentralarkiv for flyfoto har laga eit forslag til runde 2 som omfattar 54 flyoppgåver, cirka 12 300 flybilete frå 1980-talet.

Det er i forslaget lagt vekt på å finne flyoppgåver av høveleg årgang i alle kommunar. Det er og lagt inn nokre flyoppgåver som dekker større områder i målestokk 1:40.000 i områder som elles ikkje er dekte.

Kartverket har skanna desse flybileta, og oppdraget med å produsere ortofoto frå det digitale fotogrunnlaget er sett vekk til Hexagon AS, som puljevis leverer ferdig produserte flyoppgåver til fylkeskartkontoret for kontroll og publisering på norgeibilder.no.

Klikk for heile kartutsnittet.png

Til venstre; Runde 1 - historiske ortofoto (1951-1977) som er fullført. Til høgre; Runde 2 - planlagte historiske ortofoto frå 1980-talet

Til venstre: Runde 1 med historiske ortofoto (1951 - 1977) som er fullført og ligg tilgjengeleg på norgeibilder.no Til høgre: Runde 2 med historiske ortofoto slik det er planlagt med flyoppgåver frå 1980-talet (Kjelde: norgeibilder.no).

Klikk for heile bilete.png

Eksempel på landskapsendring. Tømmertransport frå vatn til veg på Voss

Eksempel på landskapsendring. Tømmertransport frå vatn til veg på Voss ((Lenka tek deg til norgeibilder.no. Der kan du samanlikne bilete). Historisk ortofoto frå 1958 samanlikna med nytt ortofoto frå 2020 (Kjelde: norgeibilder.no).

Ekstra nitratfoto – gamle perler i bonus frå arkivet

I tillegg til flyoppgåvene i runde 2 har Kartverkets flybildearkiv ein del gamle og brannfarlige nitratnegativ som har vore prioritert for skanning.

Prosjektet omfattar derfor også 20 flyoppgåver, cirka 2 300 flybilete med eldre «nitratfoto» frå 1935-1962.

Dei fleste gamle nitratfoto ser ut til å vise tettstadar og vegtrasear på 1940-talet. Andre flyoppgåver dekker meir rurale områder. Dei viser til dømes myr-ressursar i Øygarden (1935) og brearmar på Folgefonna og Jostedalsbreen (1937 og 1938).

Klikk for heile bilete.png

Eksempel på endringar i brelandskap på Folgefonna

Eksempel på endringar i brelandskap på Folgefonna (Lenka tek deg til norgeibilder.no. Der kan du samanlikne bilete). Smeltande is og minkande skiterreng på Fonna skisenter i Jondal i Hardanger mellom 1962-2019 (Kjelde: norgeibilder.no).

Landskapsendring over tid

Når ein samanliknar historiske og nye ortofoto kan ein sjå omfattande endringar i landskapet.

Omfanget av endring varierer. Generelt har det kome til mange fleire hus, vegar og bilar, og gjengroing pregar terrenget. Innimellom ser ein områder som er heilt uforandra. I nokre områder dukkar det opp nytt terreng og nye vatn der brearmane trekker seg tilbake. Andre stader er naturområder og busetnad heilt borte og erstatta av større industrianlegg, flyplassar eller vegar.

Ei reise i ortofoto 50 år bakover i tid løftar fram spørsmålet om korleis landskapet skal sjå ut 50 år framover i tid.

Kva landskapselement er verdifulle å ta med vidare i samfunnsutviklinga?

Eit tilbakeblikk kan være til hjelp for stake ut ein kurs vidare. Det er vel med samfunnsplanlegging som med så mykje anna; dersom ein skal vite kvar ein skal gå, så må ein vite kvar ein kjem i frå.

Kontakt

Del