Status adressering
Arbeidet med adressering er kommet langt i Vestland fylke. Per april 2022 er det 97,51 % dekning av vegadresser.
Ullensvang kommune kvitta seg med 1028 matrikkeladresser i løpet av 2021, og er kommunen i fylket med størst reduksjon av antal matrikkeladresser. Kommunen gikk frå 77 % til heile 89,2 % vegadresser i løpet av året! Også kommunene Stryn, Sunnfjord, Luster, Høyanger og Solund gjorde ein god jobb i fjor.
Populære vegnamn i Vestland
Kyrkjevegen er det vegnamnet som er mest populært blant kommunane i Vestland fylke. Det er 16 kommunar som har dette vegnamnet. På dei neste plassane kjem Skulevegen som er å finne i 14 kommunar, og Gamlevegen som finst i 13 kommunar. På landsbasis er Utsikten og Fjellveien dei mest brukte namna.
Om adressering
Det er kommunane som fastsetter offisielle adresser til eigedommar i Noreg, og Kartverket hjelper kommunane i dette arbeidet. Adresser og skilt skal sørge for at alle på ein lett og forståeleg måte kan finne fram til bygningar, bustadar og andre interessepunkt. Eit oppdatert adressesystem er avgjerande for kort responstid i en naudsituasjon, og for å berge liv, helse og økonomiske verdiar.
E-posten er sendt