Siste oppdatering

17. mai-tog anno 1968

Den som brukar historiske ortofoto kan vere heldig og finne ein riktig godbit. For deg med tilknyting til Emblem eller Solavågseidet på Sunnmøre er det kanskje ekstra artig å leite i bileta frå 1968?

I Møre og Romsdal er vi no i gang med eit nytt prosjekt der vi lagar ortofoto av gamle flyoppgåver. Historiske ortofoto er nyttige for samfunnsplanlegging i høve skred, flaum og havnivåendring, planarbeid og sakshandsaming, forsking og jordskifte. Men det er kanskje særleg for historieinteresserte privatpersonar at akkurat fotooppgåva Ålesund 1968 er ekstra morosam?

Dato for fotograferinga var nemleg 17. mai.

Svartkvitt bilde av 17. mai-tog langs veg
EIN GODBIT: Dei var ute og flaug på sjølvaste nasjonaldagen i 1968. Ill: norgeibilder.no.

Gjekk dei verkeleg i to 17. mai-tog på Emblem denne maidagen? Neida. Eit ortofoto er ein mosaikk sett saman av fleire flybilete. Denne mosaikken får så same geometri som eit kart, slik at bilete og terreng skal stemme overeins. Her kan det sjå ut til at flyet har fotografert toget under oppstilling. Dei flyr ut den planlagde stripa, før flyet så snur og tar ei ny stripe med bilete langsmed den forrige. På returen nokre minutt seinare har dei derfor fått fotografert 17. mai-toget i fint driv bortetter vegen.

Legg vi på saumlinene kan vi sjå korleis ortofotoet er satt saman av ulike bilete:

Sortkvittbilete som viser saumliner
MOSAIKK: Med saumlinene synlege kan vi sjå korleis det kan ha seg at det er to tog på ortofotoet. Ill: norgeibilder.no.

Ein kan ikkje forvente same kvalitet på ortofoto frå historiske bilete som det vi får frå moderne bilete. Ein kan likevel få fram viktig informasjon - og her har vi fått bevart ein artig augeblink frå historia. Leverandøren som produserer ortofotoa for oss, Blom Norway AS, har lagt saumlinene slik at dei ikkje klipper folkemengda i to.

Vil du sjå om du finn nokon du kjenner? Her kan du zooma deg inn rett på barnetoget på Emblem i 1968. Dei gjekk i 17. mai-tog på Solavågseidet óg, med stram disiplin i rekkjene i korpset.

Geovekst

Geovekst er et samarbeid om felles etablering, forvaltning, drift, vedlikehold og bruk av geografisk informasjon.

Flyfoto og ortofoto

I tjenesten Norge i bilder kan du se rykende ferske flyfoto, samt et utvalg av historiske ortofoto i kartet! Finner du ikke det du trenger der, kan du kjøpe flyfoto fra arkivet vårt.

Kartverket Møre og Romsdal

Kartverket Møre og Romsdal har ansvar for etablering og drift av ein infrastruktur for geografisk informasjon i fylket. Vi har kontorstad i Molde.

Del