Webinar: Derfor kartlegg vi havbotnen

I løpet av éin time får du høyre om kor, kvifor og korleis Mareano kartlegg havbotnen. Vi skal også innom kva vi gjer i Nordsjøen, mineralutvinning og vern av sårbar natur i djuphavet. Sjølvsagt får du også sjå det heilt ferske kartet over leveområde for botndyr. Meld deg på!

13:00 - 14:00

Mareano-programmet

Mareano kartlegg djup, botnforhold, biologisk mangfald, naturtypar og forureining i sediment i norske kyst- og havområde.

Havforskingsinstituttet, Noregs geologiske undersøking og Kartverket utgjer utøvande gruppe i Mareano, og gjennomfører den daglege drifta.

Det overordna ansvaret ligg hos programgruppa som leiast av Miljødirektoratet.

Alle er velkomne; havforvaltarar, avgjerdstakarar, næringslivsaktørar, politikarar, forskarar, studentar og andre nysgjerrige.

Webinaret arrangerast av Mareano-programmet som nettseminar i Teams og er gratis og opent for alle:

Program og påmelding

Program

Kl. 13.00:
Velkomen – dette er Mareano-programmet 
Signe Nåmdal, Miljødirektoratet

Kl. 13.05:
Mareano sin posisjon i havsatsinga til styremsmaktene, i havpanelet sine mål og i FN sitt havtiår
Ove Hokstad, Nærings- og fiskeridepartementet

Kl. 13.15:
Havbotnkartlegging – kor, kvifor og korleis?
Hanne Hodnesdal, Kartverket

Kl. 13.25:
Mareano set kursen mot Nordsjøen
Ida Kessel Nordgård, Miljødirektoratet

Kl. 13.35:
Kartlegging i djuphavet – mineral som kan utvinnast og vern av sårbar natur?
Terje Thorsnes, Norges geologiske undersøking (NGU)

Kl. 13:45: 
Forenkla forvalting: Nytt kart over leveområde for botndyr 
Genoveva Gonzales-Mirelis, Havforskingsinstituttet

Kl. 13.55:
Takk for no
Signe Nåmdal, Miljødirektoratet

Del