Siste oppdatering

Korleis blir eit kart til?

Arbeidet med å lage kart kan delast inn i geodetisk grunnlag (referanseramme), datafangst, generalisering og trykking og mangfaldiggjering.

Geodetisk grunnlag (referanseramme)

Ei geodetisk, koordinatbasert referanseramme er grunnlaget for å kunne gi eintydige koordinatar til eit punkt. Desse koordinatgjevne punkta (fastmerke) er grunnlaget for all kartlegging. Fastmerka er gjerne markerte i terrenget med metallboltar sett ned i fast fjell.

Koordinatar i ei bestemt referanseramme kan uttrykkjast på tre hovudformer:

  1. Geosentriske koordinatar, X, Y, Z
  2. Geodetiske koordinatar, B, L, H, (breiddegrad, lengdegrad, ellipsoidisk høgde)
  3. Kartplankoordinatar, til dømes N, A (Nord, Aust)

Mellom dei tre hovudformene å uttrykkje koordinatar på, finst det eintydige matematiske formlar. For å få eintydige geodetiske koordinatar er det nødvendig å velje form og storleik på ellipsoiden (matematisk modell av jorda) – gitt ved store halvakse (a) og flattrykkinga (f).

For å få eintydige kartplankoordinatar er det i tillegg nødvendig å velje ein kartprojeksjon, til dømes UTM. UTM-projeksjonen er lagd opp globalt med sonebreidde på 6°. Midtmeridianen for sonene er lagd til 3°, 9°, 15° osv. (aust Greenwich). Målestokksfaktor 0,9996 langs aksen og 1,0000 i 180 km avstand. Projeksjonen blir derfor ofte kalla ein «skjerande» sylinderprojeksjon. Projeksjonsfeilen er -0,4 ‰ langs aksen, null i 180 km avstand og +0,4 ‰ i 255 km avstand. Noreg er dekt innanfor sonene 32–36. Sonebelte 32V er utvida vestover til 3° aust Greenwich.

Datafangst

Datasettet N50 Kartdata dannar grunnlaget for den topografiske, landsdekkjande hovudkartserien Norge 1:50 000. Dei viktigaste datafangstmetodane er fotogrammetri og administrativ datainnsamling.

Fotogrammetri

Fotogrammetri er å måle i eller lage kart frå fotografi – hovudsakleg etter bilete tatt frå fly. Målestokken på desse flybileta er normalt 1 : 5000 – 1 : 40000. Ein kan sjå detaljar på 3 cm storleik i dei beste bileta, og ein kan måle i dei like nøyaktig. Dei fleste objekt som er synlege i landskapet, kan tolkast ved å sjå på flybilete, men det er vanskeleg å trekkje eit nøyaktig skilje mellom alle arealtypar.

Frå digitale flybilete kan det lagast ortofoto som har same geometri som kart, og som kan brukast som bakgrunn for kartinformasjon.

I det periodiske ajourhaldet bruker vi i hovudsak flybilete frå nasjonalt program for omløpsfotografering. Flybileta blir brukte både som fotogrammetriske stereomodellar og som ortofoto.

Administrativ datainnsamling

Mange opplysningar blir registrerte i samband med næringsverksemd eller offentleg forvaltning. Til dømes blir all byggjeaktivitet stadfesta gjennom kommunal saksbehandling. Ved å bruke denne typen opplysningar kan kartet haldast ajour kontinuerleg i staden for å gjere det periodisk på grunnlag av nye flybilete.

Dei viktigaste kjeldene er primærdatabasar som Kartverket forvaltar.

Vegar blir oppdaterte med informasjon frå den nasjonale vegdatabasen (Vbase), bygningar frå matrikkelen, namn frå sentralt stadnamnregister (SSR) og grenser frå basen over administrative grenser. Viktig i arbeidet med ajourhald er også Geovekst og felles kartdatabase (FKB).

Det blir også brukt data frå andre offentlege etatar som til dømes Statens vegvesen, Direktoratet for naturforvaltning, Noregs vassdrags- og energidirektorat, Forsvarsbygg og Statskog.

Kartverket samarbeider med Den Norske Turistforening om oppdatering av merkte stiar og turisthytter.

Generalisering

Fordi kartet alltid har ein mindre målestokk enn fenomena det skal syne, må informasjonen på kartet avgrensast av kva som kan visast grafisk i målestokken. For å gjere kartet oversiktleg og lett å lese, blir kartinnhaldet tilpassa målestokken gjennom ei kartografisk generalisering.

Utval etter minstemål er den vanlegaste forma for generalisering. Andre generaliseringsteknikkar er formforenkling (kurveglatting og omrissforenkling), samanslåing og overgang frå flate- til punktsymbolframstilling.

Symbol for linjeobjekt (t.d. vegsymbol) må ofte forstørrast. Vegsymbol har ei breidde som i terrengmålestokk overskrid den fysiske breidda på vegen. Objekt som ligg langs veglinja, vil dermed måtte forskyvast (flytte posisjonane) vekk frå senterlinja av vegen.

Kartelement skal som hovudregel visast mest mogleg posisjons- og målestokkriktig. Ved forskyvingar prøver ein å halde på den relative plasseringa av objekta.

Generaliseringsteknikkar blir også brukt som eit verktøy for å framheve/behalde spesielle tema framfor andre.

Trykking og mangfaldiggjering

Offsettrykking

Trykking er ein industriell prosess eller handverksprosess for å produsere og mangfaldiggjere tekst og bilete. Offsettrykking har til no vore den vanlegaste måten å mangfaldiggjere og distribuere kart på papir. Opplagsstorleiken blir tilpassa eit forventa forbruk på to til tre år.

Trykking av kart etter førespurnad

Med ei Print on Demand-teneste (trykk på førespurnad) vil ein på førespurnad bli tilbydd siste oppdaterte versjon av kartet direkte frå databasen. Ein får eit meir oppdatert kart, og kartprodusenten sparer lagerhald og distribusjonskostnader.

Mangfaldiggjering på nett

Enkelte kart blir også mangfaldiggjort som ei teneste på nettet.

Nyttig

Karttypar

Vi deler karta i landkart og sjøkart. Etter føremål og målestokk deler vi landkarta inn i tekniske kart, økonomiske kart, topografiske kart, tematiske kart og oversiktskart i ulike målestokkar.

Kva er eit kart?

Eit topografisk kart er ei forminska teikning av ein del av jordas overflate sett rett ovafrå. Eit godt kart formidlar bodskapet tydeleg og fortel ei historie.

 

Finn kart

Vi har samla fleire av karta våre i ein oversikt! 

Del