Rindal kommune endrar fylkestilknyting til Trøndelag, to område skal endre kommunetilknyting og ny administrativ inndeling blir sett i kraft på Svalbard i matrikkelen. Alt dette med verknad frå 1. januar 2019. Les meir om dei tekniske endringane i matrikkelen og grunnboka.

Stopp i matrikkel og grunnbok

For å sikre alt arbeidet som skal gjerast, er det planlagt stopp for all oppdatering i matrikkelen frå og med fredag 28. desember kl. 16.00. Føring i grunnboka vert stoppa same dag, men frå kl. 20.00. Systema vil vere utilgjengelege for endringar fram til dei etter planen skal opnast 1. januar 2019. I denne perioden vil Kartverket sin matrikkelklient ikkje kunne startast, og andre klientar/system vil ikkje kunne oppdatere matrikkelen. Dokument som i dette tidsrommet blir sendt inn til tinglysing via Altinn, vil bli liggjande der til systema blir opna på nyåret. Då blir dokumenta sendt til registrering og får prioritet i grunnboka.

Ope for innsyn

Alle innsynstenester vil derimot vere tilgjengelege gjennom heile prosessen i nyttårshelga, men med data frå 28. desember 2018. Dette gjeld matrikkelen, Se eiendom, e-handel og grunnboka.

Kartverket er godt rusta for arbeidet som skal gjerast. Beredskapen er stor og vi er klare for nok ei hektisk nyttårshelg.