Kartverket utviklar standardar for geografiske data om universell utforming. Når ein følger dette metodeopplegget får ein etablert kartbasert informasjon, det vil seie at informasjonen kan knytast til stader på kartet. Metoden kan brukast både i tettstadar og friluftsområde.

Målet med å etablere nasjonale rettleiarar og ein nasjonal metode er å sikre ei einsarta registrering av tettstadar og frilufts-/friområde over heile landet. Rettleiarane blir fortløpande oppdatert på bakgrunn av erfaringar frå feltarbeidet og andre innspel. Sjekk at du har den siste versjonen før du tar rettleiarane i bruk.

Kartverket har utvikla ein applikasjon for registrering av tilgjengelegheitsdata.

Rettleiar for applikasjonen (pdf).

Tilgjengelegheit i tettstadar

Rettleiaren beskriv kartlegging av parkeringsplassar, inngangsparti, fortau, gangfelt med meir.

Rettleiar for kartlegging av tilgjengeligheit i tettstadar (pdf).

Tilgjengelegheitsdata skal registrerast i svært ulike område. Det er ikkje alle stadar det er hensiktsmessig å kartlegge dei same objekta, og om kapasiteten er knapp må ein prioritere det viktigaste.

Ved registrering i tettstadar skil ein mellom sentrumssone og tettstadsareal. I sentrumssonene skal detaljeringsgraden være størst. Her skal både enkeltobjekt og eit samanhengande vegnett kartlegges. Det skal også kartlegges HC- parkeringsplasser som ikkje eintydig kan tilordnast ein offentleg bygning, men som er eit naturleg startpunkt for personar som skal røre seg i sentrumssona.

I tettstadsarealet utanfor sentrumssona er det tilstrekkeleg med registrering av tilkomstvegar og inngangsparti til offentlege bygningar. I tillegg skal den HC-parkeringsplassen kartlegges som ligger nærmast den registrerte bygninga.

Tilgjengelegheit i friluftsområde

Rettleiaren beskriv kartlegging av rekreasjonsområde (friluftsområde, parkar og naturområde, badeplass, fiskeplass med meir).

Rettleiar for kartlegging av tilgjengeligheit i friluftsområde (pdf).

Når ein kartlegg tilgjengelegheit i friluftsområde skil ein mellom to ulike kategoriar:

Sikra friluftsområde: med sikra friluftsområde meiner ein dei områda der staten har skaffa seg råderett over areal ved erverv av eigedomsrett, eller ved avtale om varig bruksrett (servituttavtale).

Les meir om statleg sikra friluftsområde.

Kommunale/andre friluftsområde: desse vil ofte ikkje være sikra av det offentlege, men fungerer som friluftsområde for folk flest.

I tillegg kan ein kartlegge objekt uavhengig om dei ligg i eller utanfor eit friluftsområde. Det kan vere objekt som:

  • Toalett/omkledingsrom
  • Fiskeplass
  • Grill-/bålplass
  • Gapahuk/hytte
  • Baderampe
  • Sittegruppe/kvilebenk
  • Turveg
  • Parkeringsområde
  • HC-parkeringsplass