Innsyn via Norgeskart

Du kan sjå på data frå kartlegginga av tilgjengelegheit i Norgeskart, Kartverket sin egen kartklient. Kartklienten skal tene som eit oppslagsverk for planlegging og forvalting, men òg for organisasjonar og andre interesserte.

Klikk på kartutsnittet for å gå til kartet

Skjermdump fra Norgeskart

Trykk på hamburgermenyen øvst til venstre for å velje type bakgrunnskart.

Tilgjengelegheitstenesta er delt i seks underkategoriar:

  • Tettstad (inngangar, vegar, parkering)
    • vurdert for manuell rullestol
    • vurdert for elektrisk rullestol/skuter for utandørs bruk
    • vurdert for synshemma
  • Friluft (friluftsområde, turveg, parkering, badeplass, fiskeplass/brygge, sitjegruppe med meir)
    • vurdert for manuell rullestol
    • vurdert for elektrisk rullestol/skuter for utandørs bruk
    • vurdert for synshemma

Symbola på skjermen viser ei vurdering av tilgjengelegheita:

  • Grøn = tilgjengeleg
  • Gul = delvis tilgjengeleg
  • Raud = ikkje tilgjengeleg
  • Blå = ikkje vurdert

Skjermdump fra Norgeskart. Viser tilgjengelighetsdata og en faktaboks om et valgt objekt.

Ved å klikke på symbola kan ein få meir detaljert informasjon om kvart einskild objekt. I boksen er det bilde av objektet (ikkje på veg i tettstad) og verdiane som blei registrert under kartlegginga.

Bruk av karttenester

Du kan bruke datasetta om tilgjengelegheit i ditt eige GIS-system (til dømes GISLINE, ISY-WinMap, arcGIS, QGIS). Funksjonaliteten mellom WMS (leverer eit bilete av data) og WFS (leverer vektorinformasjon) varierer. Det er laga ei kort rettleiing i korleis ein legg til tilgjengelegheitsdata som WMS-lag i GISLINE. Sjå lenkjeliste nedst på denne sida.

WFS-tenester er per i dag berre testa i GIS-programmet QGIS. Innlesing av WFS-tenester krev aktivering av eit programtillegg (WFS 2.0 Client). Det er laga eit forslag til prosjektoppsett for «Tilgjengelegheitskart» i QGIS. Sjå lenkjeliste nedst på denne sida. 

Nedlasting

Det er mogleg å laste ned tilgjengelegheitsdata for heile landet eller for eit område (fylke, kommune) via Geonorge. Sjå lenkeliste nedst på denne sida. Data blir levert på SOSI- eller GML-format.

Statusrapport frå kartlegginga

Ferdige rapportar for særskilde område (kommune, fylke eller heile Noreg) i powerpoint-format kan genererast frå Geonorge:

Lag powerpoint-rapport for tettstader

Lag powerpoint-rapport for friluft

Vil du heller sjå på data frå kartlegginga av tilgjengelegheit enkeltvis, kan du velje område og kva for data du vil sjå i denne generatoren på Geonorge:

Vis data i rapportverktøyet