Kva er tilgjengelegheit og universell utforming?

Funksjonshemming blir ofte misforstått som ein type varig sjukdom eller tilstand, men funksjonshemma menneske er inga einsarta gruppe. Barn, eldre menneske, foreldre med barnevogn, personar med ein mellombels skade og så vidare møter andre hindringar enn befolkninga elles. Universell utforming handlar om at omgivnadane skal vere tilgjengelege for alle, uansett ferdigheiter og funksjonshemmingar. Derfor er universell utforming til fordel for alle menneske på ulike stadium i livet.

I 2009 la regjeringa fram ein handlingsplan for universell utforming og auka tilgjengelegheit. Handlingsplanen var fornya i 2015. Målet er å gjere samfunnet meir tilgjengeleg for alle, og at Noreg skal være universelt utforma innan 2025.

Kvifor kartlegge tilgjengelegheit?

Ei kartlegging av framkommelegheit viser korleis staden er tilpassa personar med nedsett rørsleevne og nedsett syn. Tilgjengelegheitsdata for eit område er eit nyttig verktøy for arealplanlegging og byutvikling.

Med hjelp av databasen kan ein kommune finne ut

  • korleis situasjonen er i dag
  • kva ein kan gjere for å betre tilgjengelegheita
  • korleis middel kan brukast på ein effektiv måte

Kartlegging gjev ei heilskapleg oversikt. Slik blir det enklare å ta dei rette avgjerdene, til dømes om kva ruter gjennom ein by det er viktig å ha fokus på, kvar ting er nesten i orden og kan gjerast betre med enkle middel, eller kvar ein treng store, langsiktige investeringar.

Tilgjengelegheitsprosjektet i Kartverket

Målet med prosjektet er å skapa ein database og kartlag i ein kartklient som gjev status for tilgjengelegheit i tettstadar og friluftsområde i Noreg. Databasen kan dermed være eit nyttig verktøy for

  • arealplanlegging (bygge eit barriere-fritt miljø) og vedlikehald i kommunen
  • statistikk og analyse i staten og organisasjonane
  • sluttbrukarar som informasjonskjelde

Datasettet er eit bidrag til å skapa betre folkehelse og å sikre sjølvstende og sikkerheit for alle menneske med nedsett funksjonsevne.

Les meir om Kartverkets prosjekt om kartlegging av tilgjengelegheit.

Brukargrupper

Innsamling av data skjer med fokus på to brukargrupper:

  • Personar med nedsett rørsleevne
  • Personar med nedsett syn

Prosjektet gjev derfor ikkje eit fullstendig bilde av tilgjengelegheit for alle typar funksjonshemmingar, men er ein god start ein seinare kan bygge vidare på.

Utstyr for kartlegging

Det er utvikla eit verktøy for registrering av tilgjengelegheit. Dette er ein applikasjon/«app» som kan nyttast på eit Android nettbrett. Verktøyet er derfor rimelig å skaffe seg, og enkelt å ta med seg ut i felten. Rettleiar for applikasjonen finn du på sida for rettleiing.

Registreringa kan knytast direkte til kartinformasjonen, nøyaktig posisjonering skjer via den innebygde GPS'en i nettbrettet. Det er utvikla to rettleiarar for arbeid i felt; ein for registrering i tettstadar og ein for registrering i friluftsområde.