Our website only contains limited information in English. Please see our English front page to find shortcuts and the menu to all our English content.

Last updated

Kartlegge uteområde i år?

Kommunar og andre interessentar kan søkje om tilskot til kartlegging av tilgjengelegheit og universell utforming.

Data Ta i bruk oppdaterte datasett

Kartleggingsprosjekta frå 2023 er avslutta. Her kan du sjå korleis du kan få tak i dei oppdaterte datasetta.

Kartverket arbeider med å gjere data tilgjengeleg for kommunane gjennom betre applikasjonar og brukargrensesnitt, og tilbyr kommunane opplæring og teknisk support. Kommunane står for praktisk gjennomføring av kartlegginga, og held sine data ved like.

Kartlegging 2023 er avslutta. Prosjektpartnar har levert sine rapportar, og statusrapportane kan lastas ned her:

Kartlegging i 2024

Det er Kommunal- og distriktssdepartementet (KDD) som gjennom Kartverket gir tilskot til eit utval kommunar og fylke som vil gjennomføre kartlegging av tilgjengelegheit. Målet er å bidra til at fylka og kommunane skal vere i stand til å utvikle og forvalte arbeidet med universell utforming på ein god og varig måte.

Kartverket held både fysiske og digitale rettleiingskurs i mai/juni.

Framdriftsplan

  • April: Søknadsfrist for prosjektmidlar 12. aprill 2024
  • Mai: Tilsegn om tilskot
  • Mai/juni: Prosjektavklaring og kurs
  • Sommar/ haust: Kartlegging i kommunane. Kartverket kvalitetssikrar data
  • Haust: Sluttrapport frå deltakarane. Kartverket evaluerer saman med deltakarane
  • Januar 2025: Sluttrapport skal leverast til Kommunal- og distriktssdepartementet

Informasjonsbrev om årets prosjektmidlar blir sendt ut i løpet av februar.

Tilgjengelegheitsprosjektet i Kartverket

Kartverket er tildelt oppgåva å framskaffa data om tilgjengelegheita for byar, tettstader og friluftsområde. Kartverket si kartlegging av tilgjengelegheitsdata er del av eit større nasjonalt prosjekt om bruk av geografiske informasjonssystem for å hente inn og presentere data om tilgjengelegheit.

Arbeidet starta allereie i 2004 med kartlegging av tilgjengelegheita i Oslo sentrum. Ved utgangen av 2023 var det kartlagd:

  • Tettstader i 282 kommunar
  • Friluftsområde i 291 kommunar

 

Share