Skip to content

Dokumentavgift

Dokumentavgift er ei særavgift som skal betalast ved tinglysing av eit dokument som overfører fast eigedom. I enkelte situasjonar slepp ein å betale dokumentavgift.

Hovudregelen er at alle må betale dokumentavgift ved tinglysing av dokument som overfører fast eigedom. Avgifta er på 2,5 prosent av eigedomen sin verdi på tinglysingstidspunktet.

Read more

I enkelte situasjonar slepp du å betale dokumentavgift. Dette kan vere fordi du er lovmessig arving eller ektefelle, eller bygningen på eigedomen er nyoppført. Krav om fritak må du skrive i skøytet.

Read more

Mange arvingar slepp å betale dokumentavgift når dei mottek fast eigedom i eit arveoppgjør, men ikkje alle. Her kan du lese om reglane som gjeld for arvingar i ulike situasjonar.

Read more

Når sambuarar flyttar frå kvarandre, og i samband med brotet tinglyser skøyte på felles bustad, kan det på visse vilkår vere fritak frå å betale dokumentavgift.

Read more

Ein testamentsarving som ikkje ynskjer å sitje som eigar av eigedomen som han har arva, får fritak for dokumentavgift viss skøyte til ny eigar blir sendt til tinglysing same dag.

Read more

Det er heilt eller delvis fritak frå å betale dokumentavgift ved oppløysing av eit sameige i ein fast eigedom. Tinglysing av skøyte må skje kort tid etter oppløysinga.

Read more

Viss nokon forsettleg eller grovt aktlaust unndrar dokumentavgift kan ein verta pålagt tilleggsavgift etter lov om dokumentavgift.

Read more