Our website only contains limited information in English. Please see our English front page to find shortcuts and the menu to all our English content.

Last updated

Nye utgåver av sjøkart i Møre og Romsdal

Hovudseriekart nr. 30 og 31, som dekk farvatn på Mørekysten frå Stad til Harøya, er komen i nye utgåver. Farvatn ved Hareidlandet og Lepsøya har nye djupnemålingar. Tidlegare utgåver av karta er no ugyldige.

Hovudseriekart som kom i ny utgåve 18. november:

  • Nr. 30 Haugsholmen - Ålesund 
  • Nr. 31 Breidsundet - Fjørtoft

Sjøkarta er i målestokk 1:50 000 og inngår i Kartverkets hovudkartserie

Karta blir ikkje trykt, men plottast på bestilling gjennom Print on Demand-tenesta. Tidlegare utgåver av karta er no ugyldige.

Kjøpe sjøkart

Kartverket sel ikkje papirkart, men lagar kartfiler som forhandlarar trykkjer for deg, såkalla Print on Demand-kart (POD).

Sjå oversikt over Kartverkets forhandlarar som du kan bestilla papirkart hos.

Endringar i sjøkarta

For farvatn ved Hareidlandet og Lepsøya er det redigert inn nye djupnemålingar. 

Karta er oppdatert med nokre endringar på lykter og sjømerke. Ein del sektorlykter er skjerma om til IALA-systemet. Det medfører omfattande endringar. 

Det har vore ein del andre rettingar i karta. Dette kan  vere sjømerke, fartsavgrensingar, røyrleidningar, grunner, utfyllingar og anna. All landinformasjon er oppdatert.

Sjøkarta er oppdatert med alle innrapporterte endringar sidan førre gong karta ble gitt ut, som er meldt i Etterretningar for sjøfarande (Efs). I tillegg er karta oppdatert med andre endringar som ikkje er meldt i Efs. Dette kan vere nye kaier, moloar og nymålingar i større og mindre grad.

Stadnamn er oppdatert etter opplysningar henta frå Sentralt stadnamnregister.

Alle sikkerheitskritiske oppdateringar og rettingar er til offisielle norske sjøkart er gratis tilgjengeleg via den digitale tenesta for Efs, kartverket.no/efs.

Slik er karta merka:

Ny utgave 11/2022. POD: 18. november 2022. Rettet t.o.m. Efs nr. 21/22.

Elektroniske sjøkart

Områda som dekkjast av sjøkarta er også dekka av ENC-ar (elektroniske kartceller).

Ny utgåve

Ei ny utgåve av eit eksisterande kart inkluderer endringar viktig for navigasjon, i tillegg til endringar som tidlegare er kunngjort i Etterretningar for sjøfarande (Efs). Når ei "ny utgåve" av sjøkartet blir gitt ut, vil tidlegare utgåver vere forelda og dermed ugyldige.

Det presiserast at store delar av kartet er uendra. Kartnummeret endrast ikkje, med unntak av tilføying av INT-nummer når sjøkartet blir eit internasjonalt kart (INT-kart).

Norske sjøkart blir gitt ut som POD-kart, ny utgåve og nytt kart.

Kontakt

Anita Sunde

Seksjonssjef i kart- og geodataseksjonen, Kartverkets sjødivisjon

ainta.sunde@kartverket.no

Tlf. 51 85 88 69 / 959 61 301

Les meir

Den norske los

Kor kan eg bunkre og ankre opp? Kor er det trygt å ferdast? Planlegg og lag seglingsruter i den digitale farvatnskildinga Den norske los, dnl.kartverket.no. 

Datakvalitet i norske sjøkart

Ver obs på kvaliteten på djupnedataa i sjøkartet! Er det område som aldri har blitt kartlagt eller som er sjømålt med handlodd før år 1960? Sjekk kjelde-/ZOC-diagram som gir info om kor nøyaktig djupnedataa er i kartet.

Se havnivå, vasstand og tidvatn

På tenesta Se havnivå finn du informasjon om observert og varsla vasstand, flod, fjære og tabellar for tidvatn ved å søke på ein stad. I tillegg er der artiklar om referansenivå, havnivå, tidvatn og vasstand.

Share