Our website only contains limited information in English. Please see our English front page to find shortcuts and the menu to all our English content.

Last updated

Stadnamn oppdatert i Se havnivå-tenestene

Endeleg er korrekte former for stadnamn teke i bruk i nettenestene Se havnivå og Se havnivå i kart. Derfor må du som har lagra søk, nyttar bokmerke og widget for vasstand, oppdatere desse.

Det nye stadnamnsøket frå Sentralt stadnamnregister (SSR) som kom i vår, blei implementert på Se havnivå i september.

Éin vasstandsmålar har fått nytt namn: Sidan 1920-talet har vasstandsmålaren i Heim kommune på Trøndelagskysten gått under namnet Heimsjø, men denne er no døypt om til Heimsjøen. Noko som samsvarar med den korrekte skriveforma i området.

Oppdater dine favorittar og widget

– No vil nettenestene Se havnivå og Se havnivå i kart berre vise godkjente former for stadnamn, slik det sjølvsagt bør vere. Endringa gjer dessverre at du som nyttar bokmerke eller har lagra søk («mine stader») må gjere dette på nytt, seier seksjonsleiar Aksel Voldsund i Kartverket.

Ein widget for Se havnivå gjer det mogleg å vise vasstand no og neste høg- og lågvatn (flod og fjære) for ein valt stad, direkte på di nettside. Ansvarlege for nettstadar som nyttar widgeten må søke opp staden på nytt på Se havnivå, kopiere den nye koden ved å klikke på symbolet <\> og erstatte den gamle widget-koden.

Gamalt søk mot stadnamnregisteret

Se havnivå fekk i sin spede barndom tilpassa eit eige søk mot stadnamnregisteret (SSR) slik at det skulle vere enklare å finne stadar langs kysten.

– Til tross for gode intensjonar, har dette etterkvart skapt nokre utfordringar. Det tilpassa søket har ikkje vore med på utviklinga som har skjedd med stadnamnsøket, og dei siste åra har dette ført til at skrivemåtar som ikkje er godkjend har vorte vist i nettenesta. Dette er noko som fleire av brukarane naturleg nok har vore opptatt av, og vi er glade for at vi endeleg har fått retta opp i dette, forklarar Voldsund.

No som Se havnivå og Se havnivå i kart har gått over til det offisielle stadnamnsøket, forventar Kartverket at nye bokmerker og widget-kodar du legg inn vil stå seg i lang tid framover.

Vasstandsmålarar i søk

Alle vasstandsmålarane blir lagt inn i søket med godkjente stadnamn av namnetypen «vannstandsmåler», og du skal kunne søke på til dømes «Trondheim vannstandsmåler».

– I dag kjem vasstandsmålarane blant dei siste vala i menyen ved eit søk, men vi jobbar med å få heva desse, seier Voldsund.

Det er nokre lenkar på Se havnivå og Se havnivå i kart til vasstandsmålarar som endå ikkje fungerer, eller som er deaktiverte, men dette vil bli retta i løpet av kort tid.

Finn du ikkje din stad?

Dersom du opplever at det er stadar du no vanskeleg får søkt opp på Se havnivå og Se havnivå i kart, set vi pris på ei tilbakemelding til kundesenter@kartverket.no, så vil vi sjå kva vi kan gjere med dette.

Se havnivå Tidvatn og vasstand

Tabellar med flod og fjære for din stad finn du på nettenesta Se havnivå, i tillegg til observert og varsla vasstand.

Se havnivå

Se havnivå i kart Ei kartteneste for stormflod og havnivåstiging

Se havnivå i kart visualiserar område som kan bli råka av havnivåstiging og ekstreme vasstandsnivå. Det er teke høgde for landheving. Verktøyet er eit hjelpemiddel for å identifisere risikoområde i kystsona.

Se havnivå i kart

Les meir

Slik brukar du Se havnivå

På Se havnivå finn du informasjon om observert og varsla vasstand, viktige vasstandsnivå, tidvatn (flod og fjære), landheving, historiske data og framtidig havnivå for stader langs norskekysten (med få unntak).

Tidal and Water Level Data

An API for the tidal and water level data in Norway is available, and our widget makes it possible to show tide tables directly on your website.

Stadnamn

Sentralt stadnamnregister er det offisielle norske registeret over stadnamn i offentleg bruk. Det inneheld over 1 million stadnamn. Kartverket viser stadnamndata frå registeret på norgeskart.no, og der kan du også søkjer på stadnamn i registeret.

Share