Fylkesgeodataplan for Vestland
Fylkesgeodataplanen med tilhørande handlingsplan vart vedteken av fylkesgeodatautvalet i Vestland fylke 31. oktober 2022. Planen gjeld for fire år og vert revidert årleg.
Noreg digitalt i Vestland fylke
Vestland fylke har krevjande terreng og røft klima. Ekstremvér kjem stadig oftare, og halvparten av alle skred i Noreg går i fylket vårt. Saman med utfordrande infrastruktur med store avstandar, lang kystlinje og mange bruer og tunnelar, set dette store krav til gode geodata. Noreg digitalt-samarbeidet i Vestland fylke jobbar for å bygge ein geografisk infrastruktur som kan støtte arealforvaltning og beredskap i regionen.
Satsingar i planperioden
Fylkesgeodatautvalet i Vestland fylke vil ha følgjande satsingsområde i planperioden:
Sikre samordning mot aktivitetar i nasjonal geodatastrategi
- Holde oss orientert om aktivitetar i geodatastrategien.
- Vere ein aktiv bidragsytar til å koma med innspel til nasjonale satsingar.
Regionale satsingsområde
- Ajourføre Nasjonal Detaljert Høgdemodell (NDH) i samband med Geovekst – kartleggingsprosjekt, og arbeide for sentral finansiering til vidareføring av NDH. Oppdaterte høgdedata er særs viktige i arbeidet med klimatilpassing, beredskap og planarbeid. NDH-data vert mellom anna brukt til å berekne flaumsoner, skredfare og stormflohøgder, til generering av dreneringslinjer og forbetring av FKB-data. Etter kvart som dei er klare blir data lagt ut på www.hoydedata.no . Dette bygger opp om tiltak 8 Nasjonal detaljert høgdemodell i handlingsplanen til nasjonal geodatastrategi.
- Auka fokus på vatn i planperioden, som temadatasett dreneringslinjer og kvalitetsbetring av FKB-vann.
- Syte for oppdaterte kart- og registerdata, som kan gje betre grunnlag for vurdering og planlegging av tiltak i ein naudsituasjon.
- Fortsetje etablering og forbetring av basisdata ut frå partane sine behov ved samfinansiering av felles datagrunnlag. Dette bygger opp om tiltak 9 Vidareutvikle detaljerte grunnkart (FKB) for framtida, i handlingsplanen til nasjonal geodatastrategi.
- Avtalefesta, forpliktande vedlikehald og periodisk ajourføring av datagrunnlaget skal gjennomførast.
- Auke aktiviteten innan temadata med fokus på lokale DOK-data, mellom anna Tur- og friluftsruter. Dette bygg opp under tiltak 3 Heve kvaliteten på det offentlege kartgrunnlaget (DOK), i handlingsplanen til nasjonal geodatastrategi.
- Vegadresser er komen langt i heile Vestland fylke. Ferdigstilling i resten av kommunane må prioriterast, med tanke på å sikre liv, helse og eigedom, og dertil bidra til samfunnsøkonomisk vinst
- Eit nytt FKB-datasett, FKB-Havn, skal etablerast i fleire hamner i fylket. Arbeidet skjer i samarbeid med Sjødivisjonen i Kartverket og dei einskilde havnevesen. Målet er ei felles standard for hamneobjekt frå mellom anna Kystverket, Forsvaret og kommunane. Via SFKB kan dataane distribuerast til partane.
- Store områder i fjell og mindre sentrale strok har FKB-C og FKB-D data av mindre god kvalitet. Det skal difor satsast på å bruke 2. omdrev med 25 cm omløpsfoto som grunnlag for å konstruere FKB-C i områder med mindre gode data.
- Marine grunnkart er eit svært viktig forvaltingsverktøy for kystområda våre. Der er eit ope spørsmål om ein skal satse på lokale prosjekt i planperioden eller om ein skal vente på ei eventuell nasjonal satsing. Ettersom Vestland er eit marint tyngdepunkt i Noreg blir det uansett viktig å følgje opp emnet gjennom Geodataplanens fireårsperiode. Dette bygger opp om tiltak 6 Etablere marine grunnkart i kystsonen.
- Et nytt prosjekt, rydding av Trigpunkt, vart starta i 2021 med Alver kommune som pilot. Prosjektet skal vidareførast i alle kommunar i planperioden. Dette bygger opp om tiltak 16, Utnytte publikumsbasert datafangst, i handlingsplan til nasjonal geodatastrategi.
Geodataplanens oppbygging
Geodataplanen er ein plan for Noreg digitalt-samarbeidet i dei enkelte fylka. Han omhandlar det dei lokale partane samarbeider om eller planlegg å samarbeide om i sin region. Arbeid som dei enkelte partane har ansvar for, men som ikkje er omfatta av samarbeidet, er ikkje ein del av denne geodataplanen.
Planen har av to delar:
- Eit fellesdokument som er likt i alle fylka i landet. Dette dokumentet inneheld generell informasjon og overordna føringar for det lokale geodatasamarbeidet i Noreg digitalt. Her er det ei kort innføring i korleis Noreg digitalt-samarbeidet er organisert og kva som er dei viktigaste rammevilkåra for samarbeidet lokalt. Dette dokumentet skal vere likt for alle fylke og ikkje endrast lokalt.
- Ein fylkesgeodataplan som er utarbeidd spesielt for eit fylke eller ein region. Fylkesgeodataplanen handlar om dei aktivitetane det blir samarbeidd om lokalt.
I tillegg er det utarbeida ein handlingsplan (xlsx) som samstiller alle tiltaka for kvart enkelt prosjekt. Prosjekt i regi av Geovekst-samarbeidet finn du i ein egen oversikt nedst.
- Fellesdokument til geodataplan 2023-2026 (pdf)
- Fylkesgeodataplan for Vestland fylke 2023-2026 (pdf)
- Handlingsplan til fylkesgeodataplanen for Vestland 2023-2026 (xlsx)
- Kartleggingsplan for Geovekst i Vestland (xlsx)
The mail has been sent!