Noreg digitalt årsmøte, Midthordland
Kartverket Vestland vil invitere til Noreg digitalt årsmøte (FDV-møte) for kommunane i Midthordland. Påmeldingsfristen er gått ut.
Som i fjor planlegg vi for seks årsmøte. Det er nok mest praktisk at kvar kommune melder seg på til møtet i sin region, sidan presentasjonane først og fremst vil ta føre seg den aktuelle regionen vi har møtet i, men det er også høve til å melde seg til eit anna møte dersom det passar best. Skriv gjerne i påmeldinga om de har allergiar, eller anna viktig informasjon.
Vi får ein sjeldan gong spørsmål om det er mogeleg å delta på årsmøta på Teams. Røynsla vår med kombinerte møte er ikkje udelt god, og vi vil i utgangspunktet berre arrangere fysiske møte. Vi håpar at dei mange møta på ulike plassar gjer at dei fleste kan finne ein dag som passar.
Tidspunkt og stad for møta vert som følgjer:
- Møte 1, hovudsakleg for kommunane i Midthordland: Tysdag 28. mars 2023, kl. 10-14, på Statens hus i Bergen, Kaigaten 9, møterom i 11. etasje (mellom busstasjonen og jernbanestasjonen). Påmeldingsfrist 20. mars.
- Møte 2, hovudsakleg for kommunane i Nordhordland: Onsdag 29. mars 2023, kl. 10-14, på Alver Hotel. Påmeldingsfrist 21. mars.
- Møte 3, hovudsakleg for kommunane i Hardanger/Voss: Tysdag 13. april 2023, kl. kl. 10-14 på Hardangerfjord hotell i Øystese. Påmeldingsfrist 5. april (og gjerne før, på grunn av påska).
- Møte 4, hovudsakleg for kommunane i Sunnhordland: Tysdag 18. april 2023, kl. 10-14, på Stord Hotell, Kjøtteinsvegen på Leirvik. Påmeldingsfrist 11. april.
- Møte 5, hovudsakleg for kommunane i Nordfjord: Tysdag 9. mai 2023, kl. 10-14, på Gloppen Hotell i Sandane. Påmeldingsfrist 2. mai.
- Møte 6, hovudsakleg for kommunane i Sunnfjord og Sogn: Onsdag 10. mai 2023, kl. 11-15, på Thon Hotel Jølster, Skei (merk tidspunkt). Påmeldingsfrist 3. mai.
Programmet vil som vanlig bli litt generell info, Geovekst og FDV frå Anne, plan/tema frå Aase, og FKB frå Kristian. I tillegg får vi i år med oss Beate (eventuelt Sunniva) med matrikkel-info. Det vert óg tid til dialog og spørsmål.
Vi gler oss til å sjå dykk, og ønsker velkomen med di påmelding.
The mail has been sent!