Our website only contains limited information in English. Please see our English front page to find shortcuts and the menu to all our English content.

Workshop: Naturmangfald i planlegging

I 2021 hadde vi eit webinar om berekraft i kommunal planlegging. No som samfunnet har opna opp kan vi endeleg følge opp med ein workshop med fysisk deltaking. Emnet for workshopen er naturmangfald i kommunal forvalting, med fokus på kommunedelplan for biologisk mangfald.

10:00 - 15:15

Progammet er under utarbeiing, men du kan melde deg på allereie no.

Førebels agenda

Del 1: Naturmangfald - kvifor ha ein plan for naturmangfald i kommunen?
Denne bolken startar med ein panelsamtale mellom tre kommunar som alt har ferdige kommunedelplanar for naturmangfald. Deretter diskuterer vi samme tema i grupper.

Del 2: Kunnskapsgrunnlaget
Vi ser på konkrete døme frå offentleg forvalting, med innlegg frå mellom anna Statens vegvesen, Biofokus, Statsforvaltaren og Miljøfaglig Utredning. Norkart og Norconsult vil óg vise litt frå arbeid med aktuelle datasett i sin programvare.

Del 3: Tiltak for vern av naturmangfald
Tonje Liverød, fagkoordinator ved Bærekraftsenteret for Arealforvaltning og Naturmangfold vil lose oss inn i emnet, før vi arbeider med fire tiltaksområde:

  • Retningsliner for sakshandsaming
  • Oppbygging av kunnskap
  • Aktive, fysiske tiltak
  • Informasjon og haldningsarbeid

Kartverket skal ha ei koordinerande rolle i geodataarbeidet, nasjonalt og regionalt. Kartverket Møre og Romsdal arrangerer workshopen i samarbeid med Bærekraftsenteret for Arealforvaltning og Naturmangfold og Miljøfaglig Utredning.

Kontakt

Share