Our website only contains limited information in English. Please see our English front page to find shortcuts and the menu to all our English content.

Last updated

Status kartlegging i Møre og Romsdal

Vil du ha ferske laserdata eller dei siste ortofotoa over Romsdal? Her finn du ein oversikt over pågåande kartleggingsprosjekt i regi av Geovekst i fylket.

Sunnmøre sør laser 2023

Geovekstprosjektet omfattar laserskanning med punkttettleik på 10 punkt/m2 for eit område på omlag 419 km2 i Volda, Ørsta, Sande, Herøy, Hareid og Ulstein kommunar.

For Sande, Herøy, Hareid og Ulstein er det aller meste av eksisterande punktsky frå 2016, og har ein punkttettleik på 2 punkt/m2. Det er med andre ord ei stor oppgradering på trappane.

I områda som skal skannast i Ørsta og Volda er punktskya vi har frå før frå 2017, med ein punkttettleik på 5 punkt/m2. Her vil vi altså fordobla datamengda, og få ein høgdemodell som syner det som har skjedd dei siste seks åra.

Oppdraget er tildelt Field.

SunnmøreSør2023LASER.JPG
LASER: Fem kommuner får fornya og oppgradert høgdedata i år. Ill: Kartverket.

Sunnmøre sør 2023

Geovekstprosjektet omfattar område i kommunane Volda, Ørsta, Vanylven, Sande, Herøy, Hareid og Ulstein.

I dette prosjektet skal vi flyfotografere og få produsert ortofoto for eit område på omlag 1427 km2, som vist på kartutsnittet under. Vi skal ajourføre FKB-data i eit område på omlag 628 km2. Oppdraget er tildelt Field.

SunnmøreSør2023foto.JPG
FLYFOTO: Vi skal fotografere store område på søre Sunnmøre i år. Ill: Kartverket.

Midsund laser 2022

Geovekstprosjektet omfattar laserskanning med punkttettleik på 10 punkt/m2 for eit område på omlag 95 km2 i Molde kommune. Dette er eit Geovekst-prosjekt som gjennomførast i samarbeid med Nasjonal detaljert høgdemodell (NDH). 

Datafangst er ferdig, og punktskya er tilgjengeleg i forvaltingsløysinga høydedata.no. Prosjektnamnet på høydedata.no er NDH Otrøya 10pkt 2022.

Kartutsnitt i gråtoner som viser prosjektområdet for Midsund laser i rosa farge
LASER: Kartutsnittet viser prosjektetavgrensning for Midsund laser 2022. Ill: Kartverket.

Romsdal 2022

Geovekstprosjektet omfattar område i kommunane Aukra, Hustadvika, Molde, Rauma og Vestnes.

Flyfotografering, produksjon av ortofoto og ajourføring av FKB-data inngår i prosjektet. Oppdraget er tildelt Hexagon.

Ortofoto er no å finne på innsynsløysinga Norge i bilder:

Klikk for å sjå heile kartutsnittet

Kartutsnitt som viser prosjektområdet for Romsdal 2022 i rosa skravur
ROMSDAL 2022: Kartutsnittet viser prosjektetavgrensning for Romsdal 2022. Ill: Kartverket.

Historiske ortofoto

Ønske om ny runde med historiske ortofoto kjem frå fylkesgeodatautvalet i Møre og Romsdal. Til saman er det over 8 600 flyfoto fordelt på 75 flyoppgåver (flyoppdrag) frå tidsperioden 1957-1994.

Kartverket har skanna desse flybileta, og oppdraget med å produsere ortofoto er sett vekk til eit kartleggingsfirma. Dette oppdraget er tildelt Blom Norway AS. Firma skal levere ferdigproduserte flyoppgåver til fylkeskartkontoret for kontroll og publisering på norgeibilder.no. Prosjektet skal vere ferdig frå leverandør i juni 2023.

Klikk for å sjå heile kartutsnittet

Kartutsnitt med omriss av flyoppgaver i rødt
FLYOPPGÅVER: Flyoppgåvene dekker det meste av fylket. Ill: Kartverket.
Share