Grunnboka er eit rettsregister, og sikrar rettsvern for juridiske rettar i andelen. Grunnboksutskrifta til ein burettslagsandel viser heimelshavar, rettar og hefte på andelen.

Burettslagslova krev at kvar andel i eit burettslag er knytt til bruksrett til ein bustad på burettslaget sin eigedom. Ved innregistrering av eit burettslag i grunnboka er det difor eit krav om å opplyse kva for bustad kvar enkelt andel er knytt til. Det må opplysast ved å gi ei konkret adressetilknyting til kvar andel. Opplysingane om adressetilknyting vert lagra i grunnboksdatabasen, men har ikkje direkte verknad for rettsvernet og vert ikkje vist på grunnboksutskrifta til ein burettslagsandel.

Vising av adressetilknyting

Burettslaget sine eigenrapporterte opplysingar om adresser kan du finne i visingstenesta «Se eiendom»  Tenesta koplar saman informasjon frå matrikkelen og grunnboka, og er søkbar på vegnamn, adresser og eigedomsnemning (gards- og bruksnummer).

Om du søkjer fram ein eigedom som tilhøyrer eit burettslag, vil søkjeresultatet liste opp alle registrerte andelar i burettslaget. Opplysingane vil vise registernemninga til kvar enkelt andel, den registrerte adressetilknytinga og knappar for å vise eller bestille grunnboksutskrift. Adressa vert vist som ei fullstendig og unik adresse for kvar andel, med vegnamn, husnummer (og eventuell bokstav) og brukseiningsnummer.

Rette feil i adressetilknyting

Dei registrerte opplysingane om adresser i burettslag er basert på burettslaget sin eigen rapportering i samband med innregistrering av burettslaget i grunnboka. Det kan vere feil eller manglar i rapporteringa, og det kan få konsekvensar for bebuarane i laget. Til dømes kan det føre til feil likningsverdi på bustaden i skattemeldinga (primær- eller sekundærbustad).

Burettslaget sjølv, ved styret, eller forretningsførar kan melde tilbake om feil i adressetilknytinga. Meldinga kan sendast på e-post til post@kartverket.no, eller i brevpost til:

Kartverket Ullensvang
Postboks 200
5788 Kinsarvik