Plikt til å registrere nye burettslag

Grunnboksregistrering av burettslagsandelar starta 1. juli 2006. Frå dette tidspunktet vart det innført plikt for alle burettslag til å registrere andelane i grunnboka. Dette følgjer av burettslagslova § 6-1. Innregistrering av andelane er også ein føresetnad for at andelene skal kunne pantsetjast, jf. pantelova § 4-3a.

Det er styret i burettslaget som skal sørge for at andelane vert registrerte.

Nye andelar i eksisterande burettslag

Plikta til å registrere andelane gjeld også eksisterande burettslag som utvidar antalet andelar i laget. Det samme skjemaet kan brukast til å registrere nye andelar i eksisterande burettslag.

Fyll ut skjema for registrering av andelar i burettslag

Skjemaet har to delar. Del 1 skal fyllast ut med informasjon om burettslaget. Deretter skal del 2 fyllast ut for kvar enkelt andel som skal registrerast, med informasjon om adresse til bustaden og kven som er heimelshavar til andelen. Nærmere rettleiing om skjemautfyllinga finn du i ”Hjelp”-fana på skjemautfyllingssida.