Hopp til innhold

Pantedokument nynorsk

Du kan fylle ut skjemaet nedanfor på skjermen, eller du kan laste det ned og fylle det ut for hand. Du må skrive ut skjemaet og signere med penn i signaturfeltet før du sender det til tinglysing. Send skjemaet i to eksemplar til denne adressa:

Kartverket Tinglysing
Postboks 600 Sentrum
3507 Hønefoss

Rettleiing til utfylling av skjemaet finn du i høgre marg eller nedst ved å klikke på det svarte bokmerket som heiter "Veiviser".

Last ned skjema

Veiviseren

Les meir om tinglysing av panterettar

Rundskriv for Tinglysingen kapittel 7 - Særlege problemstillingar knytt til tinglysing av pant.

Adresse

Kartverket Tinglysing
Postboks 600 Sentrum
3507 Hønefoss

Når pantedokumentet er ferdig utfylt må du sende det i to eksemplar til adressa over. Det betyr at du anten må ta ein kopi av det ferdig utfylte pantedokumentet eller lage ei avskrift ved å fylle ut to like skjema. Det eine eksemplaret blir arkivert hos Kartverket, og det andre blir sendt tilbake til deg når det er ferdig tinglyst.

Rettleiing til utfylling av skjema

Følg rettleiinga nedanfor dersom du er usikker på korleis pantedokumentet skal fyllast ut.

SIDE 1

Innsendar sitt namn (feltet øvst til venstre)

Skriv namn, adresse og fødselsnummer (11 siffer), eventuelt organisasjonsnummer til den som sender inn pantedokumentet til tinglysing. Denne vil få tilsendt det ferdig tinglyste dokumentet og faktura på tinglysingsgebyret. Les meir om kostnader ved tinglysing.

Feltet for referansenummer (Ref.nr) er frivillig å fylle ut, og vil vere synleg på fakturaen som blir sendt frå oss. Referansenummeret kan maksimalt være på seks teikn.

Refinansiering (avkryssingsfelt øvst til høyre)

Kryss av dersom pantedokumentet skal tinglysast som refinansiering for å få lågare tinglysingsgebyr. Les meir om vilkåra for refinansiering.

Til punkt 1 – Pantsetjar(ar)

Fyll ut med namn og fødselsnummer (11 siffer) eller organisasjonsnummer til den eller dei som pantset eigedomen.

Storleiken på pantekravet

Skriv beløpet med siffer og bokstavar. Det er mogeleg å tinglyse panterettar med ein annan valuta enn norske kroner. Skriv valutaen i feltet for valuta.

Til punkt 2 – Panthavar

Fyll ut med namn og organisasjonsnummer, eventuelt fødselsnummer (11 siffer), til den eller dei som skal få tinglyst panterett i eigedomen.

Til punkt 3 – Panteobjekt

Panteobjektet er den eigedomen som skal pantsetjast. Fyll ut feltet for kommunenummer, kommunens namn, gardsnummer og bruksnummer. Dersom eigedomen er tildelt eit festenummer og / eller seksjonsnummer, må også disse nummera skrivast på.

I feltet til høgre ”Ideell andel”, skal det førast opp kor stor brøkdel av eigedomen som skal pantsetjast. Som regel er det hele eigedomen og då blir brøken 1/1. Viss pantsetjaren berre har grunnboksheimel til halve eigedomen, kan han skrive brøken 1/2 i feltet ”Ideell andel”.

Til punkt 4 – Avtalt prioritet

Dette feltet skal berre fyllast ut dersom panthavaren ønskjer å vike prioritet for ein panterett som er sendt inn til tinglysing samtidig eller seinare. Panteretten som skal vikast prioritet for, må identifiserast med panthavaren sitt namn, organisasjons- eller fødselsnummer og beløp. Les meir om prioritetsvikelse.

Til punkt 5 – Forbod mot visse rettslege disposisjoner

Dette feltet skal berre fyllast ut dersom panthavaren, eller ein annan rettshavar, ønskjer å få tinglyst avgrensingar i heimelshavaren sin råderett over eigedomen. Avgrensinga kan vere eit forbod mot å overskøyte og/eller pantsetje eigedomen utan skriftleg samtykke frå rettshavaren. Dette blir tinglyst som ei eiga rettsstifting som blir kalla "Uråderett". Skriv inn rettshavaren sitt namn og organisasjonsnummer eller fødselsnummer.

Til punkt 6 – Supplerande tekst

Valfritt punkt. Tinglysinga vil ikkje ta stilling til teksten i dette punktet.

Dato og pantsetjaren si underskrift (feltet nedst på arket)

Ved bruk av lause ark skal pantsetjaren signere nedst på alle arka.

SIDE 2

Til punkt 7 – Erklæring om sivilstand

Kryss av for det som passar. Viss eigedomen som skal pantsetjast er felles bustad for ektefellar eller registrerte partnerar, må ektefellen eller partneren samtykkje til pantsetjinga. Dette står i ekteskapslova § 32. Eit eventuelt samtykke skal skrivast i eit eige felt under  vitnefeltet.

Underskrifter og stadfestingar

Den som pantset eigedomen skal signerer her. Viss dette er en annan person enn den som har grunnboksheimel til eigedomen må også punkt 8 på side 3 fyllast ut. Dette er likevel ikkje nødvendig dersom pantsetjaren har fullmakt frå heimelshavaren. Les meir om kven som skal signere ved tinglysing.

Vitne Her skal den eller dei som er vitne signere. Les meir om kven som kan vere vitne.

Ektefelles/registrert partners underskrift Skal fyllast ut dersom overdraginga gjeld felles bustad, jf. punkt 7.

Vitne til ektefelle / reg. partner Skal fyllast ut dersom pantsetjaren sin ektefelle eller registrert partnar har samtykka til pantsetjinga.

SIDE 3

Til punkt 8 – Erklæring om sivilstand o.a. for heimelshavar(ane)

Skal berre fyllast ut dersom pantsetjaren er ein annan enn heimelshavaren (registrert eigar), til eigedomen.
Heimelshavaren må erklære sin sivilstand og signere. Skriv inn heimelshavaren sitt fødselsnummer (11 siffer) ved sida av underskrifta (det er ikkje eige felt for dette i skjemaet).

Vitne Her skal den eller dei som er vitne signere. Les meir om kven som kan vere vitne.

Ektefelle/registrert partnar si underskrift Skal fyllast ut dersom overdraginga gjeld felles bustad, jf. punkt 8.

Vitne til ektefelle/registrert partnar Skal fyllast ut dersom ektefelle eller registrert partner til heimelshavaren har samtykka til pantsetjinga.

Dato og pantsetjaren si underskrift (feltet nedst på arket)

Ved bruk av lause ark skal pantsetjaren signere nedst på alle arka. Hugs at pantsetjaren også må skrive under i punkt 7.

Kundesenter

Telefon 09:00 - 15:00
08700
tinglysing@kartverket.no
 

Chat