Ungdommer rydder søppel å strand
STRANDSØPPEL: Geografiske data blir brukt til å rydde opp langs strendene våre. Foto: Senter for oljevern og marint miljø
Siste oppdatering

Geodata mot søppel

«Rydde» og «Rent hav» frå Senter for oljevern og marint miljø (SOMM) og Hold Norge Rent bidrar til mindre plastforureining, betre miljø og meir kunnskap. Sentralt i løysingane er geodata.

Diplom 2020 Beste løysing som kombinerer data til ny kunnskap

Senter for oljevern og marint miljø (SOMM) og Hold Norge Rent får diplom for beste løysing som kombinerer data til ny kunnskap. «Rydde» og «Rent hav» bidrar til mindre plastforureining, betre miljø og meir kunnskap.

For det får dei diplom frå Geodatarådet for beste løysing som kombinerer data til ny kunnskap.

«Rydde» er ei nasjonal løysing for å stimulere frivillige til å rydde avfall, melde frå om avfall og til å gi kunnskap om avfall.

«Rent hav» er løysinga som blir brukt av stat, regional forvaltning, friluftsråd og andre for betre samhandling om å redusere marin forsøpling.

Betre beslutningsgrunnlag

Plastavfall representerer eit alvorlig miljøproblem for dyreliv på land og i havet. Løysingane bidrar ikkje berre direkte til at avfall blir rydda opp, men også til beslutningsgrunnlag for tiltak for å fjerne kjelder til avfall og til handtering av dette.

Fakta Døme på bruk av geodata

Nasjonalt geodataråd og Kommunal- og moderniseringsdepartementet ønskjer å vise fram nytteverdien av geodata. Hausten 2020 etterlyste dei difor gode døme på bruk av geodata og delte ut diplom til det beste dømet innanfor tre kategoriar: Kommersiell teneste eller produkt, tiltak i offentleg sektor som gir betre og meir effektive prosessar, og løysingar som kombinerer data til ny kunnskap. Sjå fleire smarte løysingar på temasida vår med gode døme på bruk av geodata.

Norske geodata finn du på Geonorge.

- Det har vore viktig for oss å sikre gode nasjonale ryddedata som kan brukast til målretta tiltak og vidare forsking. Samtidig er det eit mål at Rydde skal bidra til å motivere og gi informasjon til frivillige ryddarar landet rundt, seier Anja Meland Rød, prosjektleiar for Rydde hos Senter for oljevern og marin forsøpling.

Så langt i 2020 er det registrert 3481 aksjonar med til saman 26 000 frivillige som har rydda over 1000 tonn avfall.

- Sjølv om ryddeåret 2020 også blei påvirka av pandemien, opplever vi at Rydde er blitt godt tatt imot av landets iherdige strandryddarar. Arbeidet med å tilpasse Rydde held fram i tida framover, og målet er ein effektiv og koordinert nasjonal innsats mot marin forsøpling, seier prosjektleiaren.

Geografiske data

Begge løysingane bruker tenester frå den offentlege geodatainfrastrukturen. Mellom anna hentar dei data og informasjon frå Norge i bilder, fleire av Kartverkets bakgrunnskart, sentralt stedsnavnregister, matrikkelen, adressedatasett, marine primærdata og verneplanar, miljødata frå Miljødirektoratet, fiskeri- og havbruksdata frå Fiskeridirektoratet, hamner og marin infrastruktur frå Kystverket og ver frå Yr.

Kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup i møterom syner fram diplomet til kamera
DIPLOM. På grunn av koronasituasjonen måtte diplomutdelinga skje digitalt. Kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup syner fram diplomet til kamera. Foto: Foto: Jenny Clemet von Tetzschner

Juryens grunngjeving

Løysinga har to komponentar: «Rydde» er ei nasjonal løysing for å stimulere frivillige til å rydde avfall, melde frå om avfall og til å gi kunnskap om avfall. «Rent hav» er forvaltningas løysing for å handtere avfall, statistikk og profesjonelle aksjonar. Løysingane gir meir effektivt og koordinert oppryddingsarbeid, betre ressursfordeling, forenklar mobilisering og informasjon og gir eit betre kunnskapsgrunnlag om marin forsøpling. Dette er nyttig både for dei som faktisk gjer jobben med å rydde og ansvarlege/ beslutningstakarar.

Løysingane kan truleg overførast til andre område der frivillige blir brukt til å gjere arbeid. Dei er direkte knytt til berekraftsmål 14 og 15 (livet i havet og livet på land).

Del
XPPT