For å dekkje heile landet innafor budsjettet til prosjektet nasjonal detaljert høgdemodell, vil nokre høgfjellsområde ikkje bli skanna med laser. Desse områda blir i staden dekka av punktskyer basert på flyfoto frå omløpsfotografering.

Bildematching

Når vi flyfotograferer, tar vi bilete med overlapp slik at fleire bilete dekkjer det same punktet på bakken. Sidan vi veit nøyaktig kvar flyet var då bileta blei tatt og i kva retning kameraet peikte, kan vi finne att det same punktet på fleire bilete. Dermed kan vi rekne ut orienteringa til flybileta og fastslå posisjonen til punkt på bakken.

Bildematching er ein metode innafor fotogrammetri som lagar 3D-punkt for bortimot kvar piksel i bileta. Programvare går gjennom bileta rad for rad og finn piksel frå det eine biletet som har tilsvarande verdiar og nabopikslar frå dei andre overlappande bileta. Dette blir nytta til å finne den nøyaktige posisjonen til punktet. Resultatet kan til forveksling sjå ut som punktskya vi får frå laserskanning.

Filtrering, klassar og kodar

For å gjere terrengmodellen frå bildematchinga mest mogleg lik ein terrengmodell frå laserskanning, er det gjort ei enkel filtrering av punktskya:

  • Uklassifisert (klasse 1): Små bygningar, tre og steinar som stikk opp. Her vil det òg kunne vere artefakter frå bildematchinga, spesielt i bratte fjellsider.
  • Bakke (klasse 2): Her vil det vere terrengpunkt. Tett vegetasjon langs bakken og tett skog over større område vil kunne bli med i klasse 2.
  • Støy (klasse 7): Her vil det ligge støypunkt over vatn og i skuggeområde.

I tillegg til klassane over har punkta fått fargeverdiar RGB og nærinfraraud frå bileta. Nærinfraraudt er koda som intensitet. Punktskya har ei oppløysning på 4 punkt/m2.

Vegetasjon og skog

Terrengmodellar basert på bildematching har nokre forskjellar frå laser som det er verdt å være klar over: Det vil ikkje være punkt på bakken under vegetasjon. Dette vil føre til at til dømes tett buskvegetasjon vil sjå ut som bakke.

Mindre treklynger vil bli klassifisert bort, men større samanhengande skogar vil ikkje bli filtrert bort.

Nøyaktigheit

Kor nøyaktige punkta blir etter bildematching, heng saman med orienteringa av flybileta og kor godt matche-programvaren klarer å gjenkjenne det same punktet i overlappande flybilete. For bildematching gjeld det generelt at høgdenøyaktigheita vil vere på mellom 2 og 3 gonger oppløysinga på bileta.

For nasjonal detaljert høgdemodell-prosjektet som nytter omløpsfoto med 0,25 meters oppløysing, vil det seie at høgdenøyaktigheita ligg på ein stad mellom 0,5 og 0,75 meter.