UTM - Universal transverse mercator

Som offisiell kartprojeksjon i EUREF89 bruker vi UTM, Universal transverse mercator. UTM er ein Gauss-Krüger-projeksjon med 6° sonebreidde. Berøringsmeridianane er 3°, 9°, 15° osv. aust for Greenwich. På grunn av den store sonebreidda er det lagt på ein målestokkfaktor på 0.9996 langs berøringsmeridianen. Dette inneber at ein avstand målt i terrenget, må korrigerast med inntil 400 ppm (parts per million) eller 4 cm/100 meter, avhengig av avstand frå sentralmeridianen, for å kunne reknast om til ein avstand i kartplanet. Det er avgjort at sonene 32, 33 og 35 skal brukast til kartlegging i Noreg. 

NTM – kartprojeksjon for bygg- og anleggsføremål

For bruk i bygg- og anleggsbransjen er det innført ein sekundær offisiell projeksjon

EUREF89 NTM - Norsk Transversal Mercator (pdf) med sonene 5–30.

Projeksjonen har desse eigenskapane:

  • 1 grads sonebreidde
  • Sentralmeridian kvar halve grad, 5º30’, 6º30’, osv.
  • Målestokk 1.0000 i sentralmeridianen (tangering)
  • 1 000 000 (1 million) i falsk offset nord (N=1 000 000 ved B=58º Nord) og 100 000 (hundre tusen) i falsk offset aust
  • Same geoide- og ellipsoide-modell som EUREF89 UTM
  • Maksimal målestokkskorreksjon 11 ppm innanfor naturleg sone