Klikk for å se hele bildet fra Forsand kommune.jpg

Kommunane som skal slås saman er:

  • Stavanger + Rennesøy + Finnøy = nye Stavanger kommune
  • Forsand + Sandnes = nye Sandnes kommune

Sjølv om reformen her i fylket ikkje blei så omfattande som den ei stund såg ut til å kunne bli er det likevel ein del arbeid som ventar dei fem kommunane.

Mens kommunesamanslåingar i den førre reformen stort sett handla om å flytte arkiv og menneske frå eit kommunehus til eit anna, har den stadig pågåande digitaliseringa endra samfunnet så mykje at det ikkje lenger berre er snakk om å «flytte papir» til andre kontor.

Det må mellom anna gjerast eit stort arbeid på matrikkelsida, før samanslåinga.

Kartverket som teknisk koordinator

Kartverket har i fått rolla som teknisk koordinator i samanslåingsprosessen, og er derfor ansvarleg for å arrangere møte med dei involverte kommunane. Så langt har Kartverket Stavanger halde tre oppstartsmøte:

  • 13.12.2017: Fellesmøte med involverte frå geodataavdelingane i alle kommunane
  • 7.2.2018: Møte med rådmenn, prosjektleiarar og geodata.

I møta med administrasjonen i kommunane deltok også med fylkeskartsjefen i Skien, Geir Mjøen. Han fortalde om erfaringane frå kommunane i Vestfold som allereie har vore gjennom samanslåingsprosessar dei siste åra.

Vidare informerte Kartverket Stavanger om Kartverket si rolle både som teknisk koordinator og som matrikkelstyresmakt i prosessen, i tillegg til at ein gjekk nærare inn på kva som må gjerast når i prosessen.

I møte med geodataansvarlige i kommunane gjekk vi meir spesifikt inn på kva som må gjerast i matrikkelen før samanslåinga kan bli ein realitet.

Vegen vidare 

Planen er vidare å ha statusmøte med jamne mellomrom med dei ulike gruppene og kommunane i tida framover.

Kontaktpersonar ved Kartverket Rogaland:

Steinar Wergeland: steinar.wergeland@kartverket.no, og  Roar Haugland: roar.haugland@kartverket.no.