Klikk for større kartutsnitt.

Adressering

Det er kommunane som skal fastsetje offisielle adresser til eigedommar i Norge, og Kartverket hjelper kommunane med arbeidet.

Adresser og skilt skal sørgje for at alle på ein lett og forståeleg måte kan finne fram til bygningar, bustader og andre aktuelle adresser. For å kunne finne fram raskt i ein naudsituasjon, kan vegadresser vere avgjerande for å berge liv, helse, miljø og økonomiske verdiar.

Status for vegadresser i Rogaland

Alle kommunane er komne godt i gang med adressering, mange er også ferdige. Kartverket sitt mål er at 90% av adressene i Norge skal vere vegadresser innan utgangen av året, både på eigedommar, hus, hytter og andre bygningar.

I snitt har Rogaland kommune allereie innfridd dette målet. Av vel 195 000 adresser i fylket var 96,47% vegadresser per 4. januar 2019. Mange kommunar har nesten 100% vegadresser, men det er likevel nokre kommunar som av ulike årsaker ligg litt etter i adresseringsarbeidet.

Hovudsakleg er det område med hytter/ fritidsbygg og veglause område rundt i kommunane som står att.

Det er viktig å peike på at mange kommunar stadig arbeider med namngjeving og nummerering, men at det først kjem fram i oversikten når adressene blir registrerte i matrikkelen.

Kontaktinformasjon

Kontaktperson ved Kartverket Stavanger er Roar Haugland: roar.haugland@kartverket.no