Tal frå grunnboka viser normal god aktivitet gjennom sommaren 2018. Samanlikna med tilsvarande periode i fjor ser vi dei vanlege sesongvariasjonane. Etter ein sedvanleg travel juni månad fall tinglysingsnivået til ferienivå i juli. Tala frå august viser at starten på haustsesongen er godt i gang, og tinglysingstala er høgare en tilsvarande månad i fjor.

Tal tinglyste rettsstiftingar per dag:

Månad/År Juni Juli August
2018 7 174 5 901 6 122
2017 7 283 5 879 5 795

(Kartverket måler tinglysinga i tal rettsstiftingar per virkedag. Det er det totale omfanget registreringar i grunnboka, og omfattar difor meir enn reine omsetjingsdokument.)

Kvalitet og effektivitet

Kartverket jobbar kontinuerleg med å sikre høg kvalitet og rask saksbehandling i tinglysingssaker. Målinga av talet på tinglysingsfeil viser ei positiv utvikling. I sommarmånadane i år er feilprosenten redusert til 0,24, mot 0,33 i same periode i fjor. I reine tal inneber det ein reduksjon på omlag 100 rettesaker i månaden.

Saksbehandlingstida for normale tinglysingssaker er to dagar. I kompliserte og samansette saker kan det gå noko lenger tid. Våre målingar viser positiv utvikling også på dette området. I sommarmånadane i år vart 99,04 % av sakene ferdig behandla på to dagar, ei betring frå 96,99 % frå same periode i fjor.

Elektronisk tinglysing

Profesjonelle brukarar har høve til å teikne avtale om bruk av tenester for elektronisk tinglysing. Per 1. september har 246 verksemder teikna avtale. Trenden viser ei viss auke i talet på elektronisk tinglyste rettsstiftingar, og dei elektroniske dokumenta utgjorde 35,48 % av det totale tinglysingsvolumet i juli månad. Det er i hovudsak slettingar, pantedokument og utleggsforretningar som vert tinglyst elektronisk.

Kartverket sitt system for elektronisk tinglysing er også klargjort for å tinglyse elektroniske heimelsdokument. Nokre verksemder har sendt sine første elektroniske skøyter, og tal frå sommarmånadane viser at fleire aktørar prøver ut denne mogelegheita.

Graf over elektronisk tinglyste heimelsdokument