Det utgjer meir enn 106 000 kvadratkilometer.  I 2017 blei mellom anna store område i Telemark, Agder og Rogaland skanna.

Prosjektet nasjonal detaljert høgdemodell skal gi svært detaljerte høgdedata for heile landet. Til saman skal 230.000 kvadratkilometer skannast før høgdemodellen, eller 3D-modellen av Noreg, er komplett i 2022. I tillegg blir ein del eksisterande laserdata av nyare dato og god kvalitet gjenbrukt.

Klikk her for å sjå statuskart for laserskanninga (pdf) - det syner område der vi gjenbruker eller har fått gjennomført datafangst til no.

Gratis data

Data som blir skanna og samla inn, blir fortløpande lagt ut på høydedata.no der næringsliv, kommunar, offentlege verksemder, utviklarar og andre interesserte kan ta det i bruk gratis.

Meir enn 810 område er tilgjengelege på høydedata.no så langt. Desse dekkjer om lag 225.000 kvadratkilometer, og nye høgdedata blir publisert fortløpande. Vi reknar med at alt som blei skanna i 2017, vil vere tilgjengeleg på høydedata.no i løpet av april.

Data mot flom og gjengroing

Den nye detaljerte høgdemodellen kan mellom anna brukast til å rekne ut flomsoner og skredfare mykje meir nøyaktig enn før. Han gjer det også mogleg å effektivisere og forbetre arbeidet på ei rekkje andre område, frå plassering av vindmøller til kulturminnevern og detaljplanlegging av vegar og jarnbane.

I landbruket kan data frå modellen nyttast til å setja i gang tidlege tiltak mot gjengroing. Sjå artikkel på Nibio sine nettsider om høgdedata og gjengroing her.

Les meir

Les meir om korleis du kan laste ned og ta i bruk høgdedata som gjort tilgjengeleg.

Sjå prosjektsidene for prosjektet nasjonal detaljert høgdemodell