Treng du hjelp til å fylle ut skjema for tinglysing og eigedom, har du spørsmål om kart, eller skal du ha tak i ein bestemt person i Kartverket? Telefonnummeret 32 11 80 00 går til både kundesenteret og sentralbordet, og er den nye «hovudinngangen» til Kartverket.

Kartverkets telefonnummer har dei siste åra vore 08700, men frå 1. april 2018 er altså dette nummeret historie. Grunnen til det er at det kostar meir å ringe til eit slikt 5-sifra telefonnummer enn til vanlege, 8-sifra nummer.

Meir kontaktinfo til Kartverket