Tysdag 20. november fekk Wise Survey diplom og eit bevis frå Kartverket som bekreftar at dei no er sertifisert til å sjømåle. Firmaet har base i Sandnes i Rogaland, men dei tar oppdrag i heile Noreg.

– Dette har vore ei investering for oss. Vi gler oss og er spente på vegen vidare. Å vere sertifisert av Kartverket gjev eit kvalitetsstempel. No kan vi levere kvalitetssikra hydrografiske data til offentlege og private verksemder, data som igjen kan leverast til Kartverket og dermed raskare kome med i sjøkartet, seier Ueland.

Frivillig godkjenningsordning

Kartverket oppretta ei frivillig godkjenningsordning for sjømåling i 2016, etter å ha utarbeida ein standard for sjømåling. Samstundes starta arbeidet med å behandle søknadar og godkjenne verksemder som ynskjer å bli godkjent som sjømålingsorganisasjon for Kartverket. Wise Survey er det andre firmaet som er blitt sertifisert.

– Sertifiserte verksemder kan bidra til betre kapasitet og fleksibilitet for sjømåling av norske farvatn. Sjømålingsstandarden er elles nyttig for næringslivet og samfunnet, seier direktør Birte Noer Borrevik i Kartverkets sjødivisjon.

Auka informasjon om havbotn

Sjømålingsstandarden skal sikre at dei hydrografiske dataa som samlast inn av eksterne har same kvalitet, eller betre, enn det Kartverket sjølv sjømåler. Saman med den frivillige godkjenningsordninga inneber det å etablere ein akseptert metode for sjømåling, slik at vi får betre tilgang til kvalitetssikra informasjon om havbotn.

– Vi klarar ikkje å tilfredsstille alle målebehov som finst rundt omkring, så det er flott for oss å ha fleire å spele på. Bruk og etterleving av gyldige standardar og publikasjonar er avgjerande for å sikre at tenester og data er tilpassa produksjonsprosessane i Kartverket, og tilfredsstiller dei krava vi sett til nøyaktigheit og pålitelegheit til våre data. Bieffekten er ein «bransjestandard», seier Kjetil Tesaker Olsen, kravstiller sjømåling i Kartverket.

MÅLEBÅT: S/L Bintang, arbeidsbåten til Wise Survey, er utstyrt med ekkoloddet EM2040. Fleire av dei tilsette i Wise Survey har jobba i Indonesia, noko som speglast i namnet Bintang, som betyr stjerne på indonesisk. Foto: Wise Survey

Meirverdi for fellesskapet

Som ein «bransjestandard» ligg verdien i at oppdragsgivarar, som til dømes kommunar, hamneeigarar og Vegvesenet, som har behov for å vite korleis havbotn ser ut, kan legge til Kartverkets sjømålingsstandard som eit krav for jobben dei legg ut på anbod. Og at bransjen sjølv blir meir kvalitetsbevisst og robust.

– Viss eit sjømålingsfirma fyrst er godkjent som leverandør av hydrografiske data til Kartverket, kan data dei samlar inn brukast av Kartverket som grunnlag for offisielle sjøkart og navigasjonsprodukt. Den same jobben gjev større gevinst totalt for samfunnet – rett og slett ein vinn-vinn-situasjon, forklarer Borrevik.

Sjømålingsstandard og godkjenningsordning

Godkjenningsordninga er aktuell for alle verksemder som ynskjer å skaffe seg kompetanse og evne til å sjømåle, behandle og levere hydrografiske data til Kartverkets database for kvalifiserte djupnedata.

Nødvendig informasjon om sjømålingsstandarden og godkjenningsordninga finns på kartverket.no: Standard og godkjenningsordning for sjøkartlegging

Kontakt

Sissel Kanstad
Kommunikasjonsrådgjevar, Kartverkets sjødivisjon
Tlf. 51 85 88 28 / 995 13 848
E-post: sissel.kanstad@kartverket.no