Ved årsskiftet blei to fylke til eitt og åtte kommunar blei til fire, slik at vi no har 18 fylke og 422 kommunar i Norge.

Det nye noregskartet var sjølvsagt klart digitalt allereie idet nyttårsrakettane markerte det nye året, og det har sidan vore tilgjengeleg mellom anna på Kartverkets norgeskart.no. På Geonorge er alle datafiler og tenester blitt oppdatert mellom anna med nye grenser og namn. Og vil du ha kartet i lomma, kan du laste heile det nye noregskartet gratis ned til mobiltelefonen.

Kartverket har også laga oversiktskart som du kan laste ned som bildefiler, til bruk til dømes i presentasjonar. Eller som underlag til quiz …

Oversiktskart Noregs landområde

Nedanfor er det nye norgeskartet med alle norske landområde og oversikter mellom anna over nasjonalparkar, høgaste fjell, djupaste fjordar, største innsjøar og mykje anna fakta om Noreg. Klikk på biletet for å få større oppløysing og laste ned (JPEG, 8 MB).

 

Oversiktskart Trøndelag

... og nedanfor er det nye trøndelagskartet, med kommunenamn, innbyggjartal, areal og høgaste punkt i kvar kommune. Vi har også teikna inn arealmidtpunktet i det nye fylket. Klikk på biletet for å få større oppløysing og laste ned (JPEG, 11 MB).

Oversiktskart Noregs grenser 

Og til sist er oversiktskart som syner alle Noregs grenser, samt oversikt over alle kommunane med areal og innbyggjartal. Klikk på biletet for å få større oppløysing og laste ned (JPEG, 13 MB).