Se eiendom gir gratis tilgang til oppdatert informasjon om alle eigedomar i Noreg. Informasjonen blir henta frå matrikkelen, som er det nasjonale eigedomsregisteret, og frå grunnboka, som er eit register over tinglyste rettar og hefte på fast eigedom og burettslagsandelar.

Du kan mellom anna sjekke kva som er tinglyst på ein eigedom, om eit bygg har ferdigattest eller om det er registrert kulturminne eller forureining der.

Gå til Se eiendom

Den nye versjonen av Se eiendom er tilpassa mobiltelefon, er enklare å finne fram i, og meir informasjon er samla på éin stad.

Se eiendom har om lag 200.000 brukarar og nær 770.000 klikk i månaden.

Les meir om eigedom og eigedomsinfo