I dag lanserast den nye nasjonale geodatastrategien fram mot 2025 – «Alt skjer et sted». Strategien skal vere eit hjelpemiddel for å sjå og utnytte moglegheitene geografisk informasjon gjev. I tillegg er det utarbeida ein handlingsplan som konkret visar kva som skal gjerast for å nå måla som er satt i strategien, skriv Kommunal- og moderniseringsdepartementet i ei pressemelding.

Noreg skal vere leiande i bruk av geodata

Enkel tilgang til geodata er ingen sjølvfølge. Det er mange aktørar og kompliserte data som må koplast med kvarandre for at brukarane skal få ei god oppleving.

– Mange aktørar i samfunnet er avhengig av geografisk informasjon. Kommunane treng det for å førebyggje og handtere klimaendringar, beredskapsaktørar treng det for å handtere kriser raskt og riktig, det er viktig for god byutvikling, for at næringslivet kan omstille seg og for innovasjon i offentleg sektor, seier Mæland.

Den nye strategien «Alt skjer et sted» skal vere ein nøkkel for å forstå kvifor vi er så avhengig av geografisk informasjon i vår digitale tid. Geodatastrategien er ei oppfølging av stortingsmeldinga «Digital agenda for Norge – IKT for en enklere hverdag og økt produktivitet».

– Målet er at Noreg skal vere leiande i bruk av geografisk informasjon. For å lykkast må vi bli enda flinkare til å samarbeide på tvers av sektorar. Med denne strategien forsterkar regjeringa bruken av den geografiske infrastrukturen, seier Mæland.

Strategien sine fire hovudområde

Strategien består av fire område, med brukarorientering og samfunnsnytte som kjerneelement:

  • Eit nasjonalt kunnskapsgrunnlag av geografisk informasjon som møter viktige samfunnsbehov
  • Felles løysningar og teknologi som støttar opp under ei effektiv oppgåveløysing og opnar for nye bruksmogelegheiter i samfunnet
  • Eit velfungerande samspel om forvalting, deling, utvikling og innovasjon mellom aktørane i både offentleg og privat sektor
  • Rammevilkår som er føreseielege og godt tilpassa utfordringane i det digitale samfunnet.

Geodatastrategien vendar seg til sektormyndigheiter på ulike forvaltingsnivå, dataprodusentar, teknologileverandørar, innovatørar og brukarar i alle sektorar – og til Kartverket som nasjonal geodatakoordinator.

Gjev ei klar retning for vidare arbeid

– Eg er glad for at strategien har komen, og eg ekstra glad for at det er Regjeringa sin strategi. Det er viktig for oss alle at denne er forankra på høgste nivå. Eg veit at dette har vore ein bredt forankra prosess mellom samarbeidspartar, brukarar og leverandørar av geografisk informasjon. Geodatastrategien gjev Kartverket og andre etatar ei klar retning for det vidare arbeidet med forvalting og bruk av geografisk informasjon, seier kartverkssjef Anne Cathrine Frøstrup.

Samordningsgruppa for geografisk informasjon tok for fleire år sidan initiativ til å utarbeide ein nasjonal geodatastrategi. Ei arbeidsgruppe under Samordningsgruppa i Norge digitalt har gjennomført strategiprosessen, med sekretariatstøtte frå Kartverket. Nasjonalt geodataråd og Samordningsgruppa la i fellesskap fram forslag til ein nasjonal geodatastrategi for Kommunal- og moderniseringsdepartementet i februar 2017.

Nasjonal geodatakoordinator

Som nasjonal geodatakoordinator blir det viktig for Kartverket å følgje opp strategien og handlingsplanen.

– Vi skal sørgje for ein levedyktig strategi. Eit godt samarbeid og koordinering av aktørane som har ansvar for å gjennomføre tiltak er avgjerande for at strategien sine ambisiøse mål kan gjennomførast. Vidare er det viktig at etatar og aktørar som strategien vedkjem, legg den til grunn for sine vidare satsingar på området, seier Erik Perstuen, leiar av arbeidsgruppa og Samordningsgruppa for geografisk informasjon.

Handlingsplan

Samordningsgruppa og Kartverket fekk, på vegne av Norge digitalt-samarbeidet, i oppgåve av Kommunal- og moderniseringsdepartementet å utarbeide eit utkast til ein handlingsplan for nasjonal geodatastrategi. Utkastet til handlingsplanen var klar sumaren 2018.

Les meir

Alt skjer et sted. Nasjonal geodatastrategi fram mot 2025 (pdf)

Utkast til handlingplan for nasjonal geodatastrategi (pdf)

Pressemelding på regjeringen.no: Norge skal være ledende i bruk av geodata

Geonorge.no