Den nye avtalen gjev ei detaljert og oppdatert beskriving av Noregs grense mot Russland, med oppdaterte koordinatar og meir nøyaktige kart.

Avtalen byggjer på tidlegare grenseavtalar mellom dei to landa, mellom anna frå 1826 og 1949, og er utarbeidd i fellesskap i ein norsk-russisk grensekommisjon, skriv Utanriksdepartementet i ei pressemelding.

– Den 70 år gamle grenseavtalen gjorde at dei gamle karta stemte dårleg med dagens terreng. Dei nye karta og protokollane gjev folk som ferdast langs riksgrensa mykje betre hjelpemiddel, seier kartverkssjef Anne Cathrine Frøstrup som har vore fast medlem i kommisjonen.

Total gjennomgang av grensa

Det er gjort ein total gjennomgang av grensa med flyfotografering, synfaringar og innmåling og utrekning av grensemerkeposisjoner med moderne teknologi. Kartverket har hatt ansvar for flyfotografering og produksjon av ortofoto. Alle gamle grensestolpar er erstatta med nye og grenserøyser er restaurert.

Den norsk-russiske riksgrensa er 197,7 kilometer lang (gamle målingar viste 196 km). Grensa går frå treriksrøysa på Krokfjellet til ei sjøbøye i Varangerfjorden. Heile 158,6 kilometer av grensa følgjer Jakobselva og Pasvikelva. I tillegg til treriksrøysa består den norsk-russiske grensa no av 396 grensemerke.

– Dette er viktig

– Klare og presise grenser mot nabolanda våre er viktig for Noreg. Eg er derfor glad for at vi i har underteikna ein ny avtale som gjev ein detaljert og oppdatert beskriving av grensa mot Russland basert på moderne teknologi. Dette er viktig ikkje minst for lokalbefolkninga og andre som ferdast langs grensa. Avtalen er eit resultat av eit godt og grundig samarbeid mellom fagmyndigheiter i våre to land, seier utanriksminister Ine Eriksen Søreide i pressemeldinga frå Utanriksdepartementet.

Den nye grenseavtalen med vedlegg og kart utgjer meir enn eitt tusen sider. I dokumentarbeidet har Kartverket bidratt i produksjon av beskrivingsprotokoll for riksgrensa mellom Noreg og Russland, grensemerkeprotokollar, og med 18 kartblad i målestokk 1: 25 000. Kartblada dekkjer eit belte langs riksgrensa på fire–seks kilometer.

Den norske delegasjonen til forhandlingane har vore leia av Utanriksdepartementet med fagleg deltaking frå Grensekommissariatet i Kirkenes og Kartverket.

Avtalen blei underteikna av folkerettsrådgivar i Utanriksdepartementet Kjell Kristian Egge og ambassadør Alexey Obukhov frå det russisk utanriksdepartementet. Tidpunkt for ikraftsetjing av grenseavtalen vil avklarast mellom partane i ettertid. Når avtalen trer i kraft, skal Kartverkets data vere oppdatert i samsvar med denne.

DJUPNEMÅLING: Det er gjennomført djupnemålingar i delar av grensevassdraga. Her frå djupnemåling i Jakobselva. Foto: Anders Østeraas/Kartverket