Leveransen med laserdata frå kystområde på søre Sunnmøre er no motteken, kontrollert og godkjent av Kartverket. Kystsona blei kartlagt med flyboren laser (LiDAR) i 2017.

Eit foreløpig datasett er tilgjengeleg for nedlasting på hoydedata.no. Nokre forbetringar vil bli gjort i januar 2018. Da vil det kome eit oppdatert datasett på hoydedata.no med mindre støy. I tillegg vil også det Kartverket har av terrengmodell for dei djupe sjøområda på søre Sunnmøre bli lagt ut, slik at ein kan presentere ein saumlaus modell for både land, kystsona og sjøområda.

Gjennom prosjektet Grøn laser søre Sunnmøre (GLaSS) har Kartverket kartlagt 90 km2 av kystsona på søre Sunnmøre med flyboren laser (LiDAR).

Forseinka oppstart gav forseinka avslutting

Datafangsten skulle etter planen ha starta i månadsskiftet februar–mars 2017, men blei utsatt grunna problem med måleutstyr. Då utstyret endeleg blei friskmeldt i månadsskiftet mars–april, var det vêret som skapte problem. Fyrst i påska, den 13. april, kom ein i gong med laserskanninga. Kartlegginga i seg sjølv drog også ut i tid. Ikkje så overraskande for vestlendingar kanskje, men kartlegging med fly i låg høgde har vist seg å vere utfordrande langs ein vindfull kyst med høge fjell. Først i midten av juli 2017 vart kartlegginga fullført.

Kartverket fekk heile tida observasjonar av siktedjup i prosjektområdet utført av Runde miljøsenter. Difor visste vi at sikta var god nok til å fortsette kartlegging utover våren og sommaren. TerraTec som har gjennomført LiDAR-målingane, tok også ei pause i innsamlinga for å gå gjennom data så langt og forsikre seg om at ein oppnådde tilstrekkeleg datakvalitet.

Mørk sjøbotn er utfordrande

Alt før oppstart visste vi frå tidlegare testar at heller ikkje kartlegging med grøn laser klarer å dekkje alt. Sjølv med god sikt i vatnet skapar mørk sjøbotn problem. Her blir ikkje lyset frå laseren reflektert, og då får ein ikkje tilbake informasjon om sjøbotn. Spørsmålet er difor no om dette skjer for ofte slik at ein ikkje får ein fullstendig saumlaus terrengmodell.

I testleveransane tidleg i prosjektet såg ein fleire slike hol enn ein hadde ønska. Det viste seg at nokre stadar hadde ein data likevel, dei var berre ikkje blitt klassifisert slik ein ønskjer det frå eit «sjø-perspektiv». Det er nemleg nokre viktige skilnadar ved kartlegging på land og til sjøs. På land ønskjer ein ikkje at bakkeklassen skal innehalde det som stikk opp av bakken, difor blir alt frå bilar og bygningar til tre og store steinar tatt bort frå terrengmodellen. Til sjøs er det nesten omvendt. Her er informasjon om steinen som stikk opp noko av den viktigaste informasjonen om korleis sjøbotnen ser ut.

TerraTec har jobba med å sette parametrane slik at ein får med meir slik variasjon i klassa for sjøbotn, men likevel unngår at for eksempel tareskog blir rekna som sjøbotn. I tillegg har ein klassifisert store steinar i ei eiga klasse, samt prøvd å samle tang og tare i ei.

Manglande laserdata kan også gje nyttig informasjon

Dei nye klassene er eit eksempel på viktige endringar som er gjort undervegs i prosjektet som resultat av eit tett og godt samarbeid mellom Kartverket og TerraTec. Desse klassene blir også innført i den nyaste FKB-standarden for lasermåling.

Ei anna ny problemstilling har vore korleis ein skal dokumentere kvifor ein ikkje får data overalt. Her blei løysinga eigne filer med oversikt over alle celler på 1x1 meter der ein manglar data merka med den mest sannsynlege årsaka. Desse oversiktene over kvar og kvifor vi ikkje har gode data blir viktig i vurderinga av resultatet.

I tillegg er andre aktørar spesielt interesserte i desse områda utan data. Kanskje ser man at ein får laserdata i områder med ein type tare, men at ein annan type absorberer alt lyset og gjev hol i datasettet? Ved å analysere data frå GLaSS-prosjektet og samstille med feltprøver kan ein kanskje også bruke manglande laserdata saman med foto frå innsamlinga til naturkartlegging.

Les meir om prosjekt og satsingar på søre Sunnmøre.

Kontakt:

Hilde Sande Borck
prosjektleiar for prosjektet Grøn laser søre Sunnmøre (GLaSS)
Kartverket sjødivisjonen
hilde.sande.borck@kartverket.no
Tlf.: 51 85 88 25

Sissel Kanstad
kommunikasjonsrådgivar
Kartverket sjødivisjonen
sissel.kanstad@kartverket.no
Tlf.: 51 85 55 28 / 995 13 848