Visste du at Kartverket i lag med kommunar og andre samarbeidspartar tar flyfoto av heimstaden din minst kvart sjette år?

Bileta kan du sjå på nettsida «Norge i bilder», der du også kan finne flyfoto attende i tid.

I år skal vi fotografere nærare 57.000 kvadratkilometer, over ein sjettedel av arealet til Fastlands-Noreg. Og takka vere det fine og skyfrie veret, er mykje av årets jobb faktisk allereie gjort!

Bileta nyttar vi mellom anna til å oppdatere alle karta og kartdatabasane våre, ved å samanlikne flyfoto og kart.

Nasjonalt program og lokale prosjekt

Litt over 85 prosent av arealet vi fotograferer frå lufta i år, inngår i eit nasjonalt program for omløpsfotografering som sikrar at heile landet blir dekt av ferske flyfoto kvart sjette år. Hovudvekta av dette blir finansiert av Kommunal- og moderniseringsdepartementet, Kartverket og Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO).

Resten er lokale prosjekt i kommunar og regionar som treng ferskvare og endå meir detaljerte flyfoto til ulike føremål, som arealplanlegging, saksbehandling og analyser. Dette blir gjennomført gjennom Geovekst-samarbeidet, med Kartverket, Statens vegvesen, Energi Norge, kommunane, Telenor og NIBIO, i tillegg til Bane NOR og NVE.

Her fotograferer vi i år

I år er det Finnmark og Møre vi fotograferer i det nasjonale flyfotoprogrammet, medan det er mindre, lokale flyfotoprosjekt i samtlege fylke. Les meir om kor det er lokale flyfotoprosjekt i Møre og Romsdal, Rogaland og på Austlandet.

Kjøp historiske flyfoto

Du kan kjøpe historiske flyfoto av Kartverket. I Sentralarkiv for flyfoto og satellittbilete har vi over 1,3 millionar flyfoto frå 1935 og fram til i dag, og dei fleste av bileta frå 1935-1952, om lag 100.000 bilete, er digitalisert. Vi kan også skanne historiske flyfoto på førespurnad. Les meir om korleis du går fram for å kjøpe flyfoto frå Kartverket.

Meir flyfoto-info

Sjå video om flyfotografering gjennom nasjonalt program for omløpsfotografering: