Det var tema då Kartverket inviterte til eit opent seminar saman med Creator Makerspace i deira lokalar i Stavanger i januar. Det er første gong sjødivisjonen i Kartverket møter gründermiljøet på denne måten.

– Våre data kan kombinerast med mange andre typar data. For kreative menneske kan dataa vonleg vere ei lita gullgruve. Vi er ein offentleg aktør som jobbar for å gjere tilgjengeleg data og tenestar til nytte for samfunnet, og vi vil vere ute blant folk og sjå at dataa våre blir brukt til innovasjon, seier Rosvold frå formidlingstenesta i Kartverket.

– Det var eit klargjerande seminar

Til saman 23 kunnskapstørste menneske deltok på seminaret som varte frå kl. 16.30 til 19, måndag 16. januar. Første del bestod av faglege foredrag frå Kartverket, medan det i del to var lagt opp til demonstrasjon av ulike data og samtalar kring moglegheiter, gründertankar og ønsker for samarbeid.

– Eg fikk presentert deler av verksemda som eg ikkje hadde kjennskap til frå før, mellom anna S57-data og artige applikasjonar knytt til djupnedata. Posisjonstenestane kjende eg litt til, men fekk meir kjøtt på beinet, seier dagleg leiar Ottar Kvindesland frå Smart Sea System.

Mest interessant for Kvindesland var overskotsdataa til sjødivisjonen i Kartverket.

– I desse dataa kan det ligge verdiar som vi i framtida kan nytte i vår utvikling av framtidige driftssystem for skip, fortel han.

Smart Sea System er i kommersialiseringsdelen av si gründerverksemd. Kvindesland håpar at Kartverket vil invitere til fleire slike tilstellingar:

– Slike tiltak er med på å gjere etaten meir tilgjengeleg. Det var eit klargjerande seminar som overfylte mine forventningar, seier han.

Er serverpark eit alternativ?

Phd. Tetyana Kholodna frå konsulentselskapet Capgemini Norge syntest også at seminaret var interessant:

– Å opne data er eit godt initiativ. Eg trur Kartverket og andre kan nyttegjere deira data endå meir om dei tek initiativ til å dele opne data saman med andre verksemder, til dømes Stavanger kommune. Det gjer det lettare å knytte data som ikkje er knytt saman før, seier ho.

Kholodna jobbar med og har tru på serverparkar, å samle data opp i «skyen». Ho meiner at dette gjer det lettare å kople saman fleire typar data, og at også Kartverket har potensial på området.

– Det er meir fristande å få innsikt i andre data om ein kjem seg ut av siloen. Fleire av våre kundar kan vere interessert i data frå Kartverket utan at dei veit det. Vi er ei informasjonskjelde for kundane våre, seier Kholodna.

Gratis og opne data

Samfunnet er i kontinuerleg endring, og for tida gjeld dette spesielt blant anna Rogaland. Kartverket ser at pålitelege data er avgjerande for å støtte innovative prosjekt, og dei ønsker å legge til rette for tilgang til opne data slik at gode idar kan bli til verkelegheit.

– Det er viktig og riktig å vende seg direkte til gründerane for å vise fram gullgruva med data som Kartverket sit på. Ikkje berre får dei presentert moglegheiter, dei får også direkte tilbakemelding på behov og forventingar frå brukarane, seier Sjur Eivind Usken i Creator Markerspace.

Dei siste åra har Kartverket frigjeve fleire datasett, og på seminaret fekk deltakarane vite meir om kva datasett og tenester som er tilgjengeleg, og via kva kanalar.

– Vi ønsker jo at våre data skal bli brukt og vere til nytte for samfunnet. Vi presenterer kjende bruksområde, men gründermiljøa har gjerne nye idear til korleis vi kan nytte data i dag og i meir framtidsretta bruk, seier Gjertrud Røyland i formidlingstenesta i Kartverket.

Gratis tilgang til S57-data

Eit nytt prøve-tiltak i 2017, er at nye føretak kan få gratis tilgang til S57-data i eitt år. Nettopp for å stimulere til innovasjon. Til gjengjeld må ein vise til Kartverket som kjelde for dataa.

Etter å ha inngått ein avtale med Kartverket vil føretaka få tilgang til portalen kor dei kan laste ned S57-data, minimum ein gong i månaden. For at Kartverket skal bli enda betre på å formidle sine data, ønsker dei at føretaka rapporterer om sluttprodukt, bruksområde og brukarane. Føretaket må betale royalty til Kartverket på det ein eventuelt tenar. Dersom vilkåra er oppfylt, vil føretaket kunne søkje om fornying av avtalen etter at avtaleåret er omme.

NYHEIT: - Eit nytt prøve-tiltak i 2017, er at nye føretak kan få gratis tilgang til S57-data i eitt år, fortel Gjertrud Røyland i formidlingstenesta i Kartverket.

Djupnedata

Teknologikoordinator Boele Kuipers frå sjødivisjonen i Kartverket, presenterte ein beta-versjonen av tenesta dybdedata.no, bygd på same teknologi som hoydedata.no som visar laserdata som Kartverket forvaltar. Kuipers viste også digitale terrengmodellar som saumlaust kombinerer sjø og land.

– Detaljerte djupnedata er ikkje berre data om kor djupt det er, men inneheld mange andre typar data som kan seie noko om botnforhold som stein og slam, undervasskulturminner, skurestriper frå isbre, skipsvrak med meir, fortel Kuipers.

Han viste også ein demo-video av S102-data over Oslofjorden. S102-dataa er ein grid (eit rutenett) kor ein kan leggje inn fleire lag med data, medan S57-dataa berre er sektorar. S102 er ein standard basert på dagens teknologi og brukarbehov, samanlikna med S57 som har vore standard sidan nittitalet og er basert på teknologi frå da den blei oppretta.

Leikeplass av rådata

Sjødivisjonen i Kartverket driv hovudsakleg med batymetri og vasstand som resulterer i blant anna sjøkart og digitale terrengmodellar av havbotn. Desse resultata er basert på ulike rådata. Rådata som inneheld mykje meir informasjon og nøyaktighetspotensial enn kva Kartverket sjølv brukar. Djupnerelaterte rådata er i utgangspunktet gradert av Forsvaret, medan andre data (oseanografiske parameter som til dømes lydfart, temperatur, saltinnhald eller båtens ellipsoidiske vasstandsdata) ikkje er graderte.

– Desse overskotsdataa har innovasjonspotensial både innanfor og utanfor Kartverket, blant anna i sjølve prosesseringa av data. Utanfor Kartverket finst det også mykje data, og kombinasjon av fleire datasett kan vere veldig nyttig, seier goedet Swen Roemer i sjødivisjonen i Kartverket.

Kartverket sitt samarbeid og prosjekt i havområdet på Søre Sunnmøre har blitt ein fin leikeplass. Området er frigitt av Forsvaret, og derfor er i utgangspunktet alle data (frå rådatanivå og oppover) ugraderte.

Datagrunnlaget er forholdsvis tett og godt, vi har mange redundante data, gravimetri- og laseraltimetermålingar gjort med fly, og presise ellipsoidiske vasstandsmålingar med båt etter klassisk vasstandsmåling. Kombinasjonen av fleire av disse dataa vil resultere i nøyaktige vertikale referanserammar som for eksempel (kvasi)geoide, middelvann, LAT og sjøkartnull.

Posisjonstenestar

Data frå geodesidivisjonen i Kartverket, er Kristin Skjerven frå formidlingstenesta sitt fagområde:

– Vi er interessert i å teste ut posisjonstenester i nye løysingar. Til dømes så er Kartverket si CPOS-teneste nytta i testing av autonome framkomstmiddel, blant anna på Forus i Stavanger/Sandnes testar ein autonom buss, og denne har eit prøveabonnement på Kartverket si CPOS-teneste, seier ho.

Posisjonstenestar er ein sanntidsteneste som per i dag ikkje er gratis, men dei rommar gode potensial for nyvinningar.

– Vinnaren av det nasjonale hackatonet #hack4no i 2016, nytta posisjon til nye høgder med sin idé Savemyreindeer. Ein idé som vant sølv i #hack4norden same år, seier Skjerven.

Savemyreindeer er ei løysing som brukar data frå blant anna Jernbaneverket og Kartverket og gjer det mogleg for toga og dyreeigarane å få beskjed om når dyr står i fare for å bli påkøyrd. Dyra er utstyrt med satellittsporing. Ved hjelp av denne varslingstenesta kan ein få fjerna dyr frå jernbanesporet, eller varsle toget om å senke farta eller stoppe.

Mange tilbakemeldingar

– Vi har fått mange tilbakemeldingar om både behov og forbetringar frå dei som deltok på seminaret, både på sjølve seminaret og i etterkant. Desse tek vi med oss i vidare arbeid, lovar Røyland.

– Kjem det til å bli fleire slike seminar?

– Ja, det blir nok fleire oppsøkande seminar, og vi kjem til å dukke opp på fleire arenaer kor vi ser at Kartverket sine data kan vere eit bidrag, til inspirasjon og nytte. Vi har også nett inngått eit samarbeid med Startuplab i Oslo, og skal igjen arrangere det nasjonale hackatonet #hack4no 27.–28. oktober, seier Røyland.

Presentasjonar frå seminaret

Dataa som blei demonstrert i andre del av seminaret var: S57 i open CPN, digitale terrengmodellar av havbotn i 50 m grid og sjømålingsdata, vasstandsdata, posisjonstenestar, piloten dybdedata.no, Geonorge.no.

FULT HUS: Til saman 23 personar kom for å lære meir om Kartverket sine data og tenester på eit opent seminar, arrangert i samarbeid med Creator Makerspace i Stavanger. Foto: Kartverket

Kartverks-TV

Sjå og lær meir om desse temaa på video.kartverket.no:

Kontakt

Gjertrud Røyland
Formidlingstenesta i Kartverket
Tlf.: 51 85 87 54
gjertrud.royland@kartverket.no

Celine Buisson Rosvold
Formidlingstenesta i Kartverket
Tlf.: 51 85 87 87
celine.buisson.rosvold@kartverket.no