Båtmessa Sjøen for alle markerer starten på den norske båtsesongen. På Sikkerhetstorget finn du nyttig informasjon om korleis sesongens båtturar kan bli tryggare, og besøkande kan delta på spanande aktiviteter og konkurransar.

– Både store og små kan lære å oppgje sin posisjon i sjøkartet av fagfolk frå Kartverket. I tillegg presenterer vi spanande tenester frå oss som båtfolket har nytte av, som sjøkart og nettenestane Se havnivå, Etterretninger for sjøfarende (Efs) og Mitt turkart. Vi gleder oss til å svare på spørsmål og snakke om sjøkart og båtlivet saman med brukarane, fortel Céline Buisson Rosvold i formidlingstenesta i Kartverket.

Fleire aktivitetar

Politiet stiller ut ein av dei nyare politibåtane, kor det mellom anna vil være mogleg å få demonstrert lanterner, navigasjon og dekksbelysning. Redningsselskapet stiller med Elias-båt. Hos Sjøfartsdirektoratet kan du teste dine ferdigheiter innan sjøvett ved å spille Sjøvettspillet på nettbrett, eller kanskje du har spørsmål om registrering eller sertifikat på fritidsbåt. Kystverket kan fortelle og svara på spørsmål om fartsgrenser og merking langs sjøen.

Norsk test og Alfa Kompetanse AS gjev deg moglegheit til å ta båtførarprøven på messa, eller du kan gå opp som privatist og ta eksamen.

Sikkerheit til sjøs

– Ifølgje båtlivsundersøkelsen 2018 opplevast grunnstøyting som den største risikoen ved båtlivet. Eit godt sjøkart og god kunnskap om bruk av kartet bidreg til at faren for grunnstøyting reduserast. Kartverket jobbar kontinuerleg for å betre sjøkarta, og vi stiller strenge oppdateringskrav til distributørane av våre kartdata. I tida framover kjem vi til å arbeide endå meir med å auke kunnskapen om bruk av sjøkarta hos fritidsbrukarane. Å gjere båtlivet tryggare for fritidsbrukerane er noko vi verdset høgt, seier avdelingsdirektør Gudmund Jønssson i sjøkartmyndigheit-avdelinga i Kartverkets sjødivisjon.

Vinn en 12 fots fritidsbåt

Besøkande på Sikkerhetstorget kan også delta på ein kviss om sikkerheit til sjøs. Premien er ein 12 fots fritidsbåt, og éin heldig vinnar blir trekt søndag ettermiddag 24. mars.

Sikkerhetstorget finn du innerst i hall D, stand D01-23, på Sjøen for alle 20.–24. mars 2019, som arrangerast på Norges Varemesse i Lillestrøm.

SIKKERHETSTORGET: Sikkerhetstorget finn du innerst i hall D, stand D01-23, når Sjøen for alle arrangerast på Norges Varemesse i Lillestrøm 20.–24. mars 2019. Foto: Kristian Tjessem/Sjøen for alle

Kontaktpersonar for presse:

Céline Buisson Rosvold
Formidlingstjenesten i Kartverket
E-post: celine.buisson.rosvold@kartverket.no
Tlf.: 977 01 597

Sissel Kanstad
Kommunikasjonsrådgiver i Kartverket
E-post: sissel.kanstad@kartverket.no
Tlf.: 995 13 848

Sjå fleire videoar frå Kartverket på video.kartverket.no.