Over 500 deltakarar var med og gjorde #hack4no til ei unik idemyldring og kodesamling for barn, ungdom og vaksne - studentar, gründarar, programmerarar, designarar og andre kreative menneske.

Bak arrangementet står Kartverket og Difi, i samarbeid med 10 andre etatar og fleire andre samarbeidspartar, som Lær Kidsa Koding og Nordic Innovation. Hovudføremålet er å oppmuntre til meir bruk av data som det offentlege har frigitt og som er til fri disposisjon for alle, og å bidra til meir kodekunnskap og teknologiforståing hjå barn og ungdom.

Medan barna koda med mini-datamaskinen Micro:bit og lærte å lage spel og programmere robotar, deltok 32 lag i idekonkurransen for vaksne. Les meir om kven som vann konkurransen på hack4no sine eigne nettsider.

Sjå bilete frå kodefesten i #hack4no Flickr-album.

Det er andre år på rad at Kartverket og Difi arrangerer #hack4no på Hønefoss, der Kartverket har hovudkontor.

JUNIOR-HACK: Kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner og mellom andre kartverkssjef Anne Cathrine Frøstrup vitja #hack4no og fekk sjå kva barna hadde koda.